Surnadal Vårmagasin 2024 | Page 19

Surnadals nye kommunedirektør

Surnadals nye kommunedirektør

Den store oppgåva
Den nye kommunedirektøren Lars Inge Kvande starta i jobben sin den 1 . mars . Som kommunedirektør er ein den øvste administrative leiaren i kommunen , med ansvar for alle dei tilsette og kommunen sine tenester .
Lars Inge Kvande 53 år Bur på Kvanne Sambuar og to barn
Allsidig erfaring Helsehus
Helseplattform
Historia til Lars Inge byrjar på 90-tallet , da han studerte ved Høgskulen i Volda . Der gjekk han kommunal planlegging og administrasjon . I ferda si vidare har han blant anna jobba som Personalmedarbeidar og Personalsjef i Surnadal kommune og Personalkonsulent i Midsund kommune .
Frå 2001 jobba han som Pleie- og omsorgsleiar i Rindal kommune , der var han koordinator for omorganiseringar i helsetenestene . Vidare fekk han i 2006 jobb innanfor HR / personale på Hydro Sunndal , og blei der i 11 år . Frå mars 2017 blei han dagleg leiar i arbeidsinkluderingsbedrifta , Trollheim AS , og jobba der fram til 29 . februar i år .
Han har også aktivt vore med i ulike styreverv , blant anna som kommunepolitikar .
Eit av dei store prosjekta som er i fokus akkurat no , er Helsehus . – Det er ikkje berre eit bygg det er snakk om , men heile organiseringa av helse- og omsorgstenesta i kommunen i tida framover . Vi ønskjer å lage berekraftige løysingar som løner seg på sikt , slik at det mogleggjer at ein kan fortsetje å vere ein attraktiv kommune også på andre områder .
- Viss alt går etter plana kan det bli byggestart allereie neste år . Sjølve bygginga blir berekna til å ta ca . 1,5 år , men dette baserast på kva for eit av dei fem konsepta kommunestyret veljar . Dei fem konsepta er ulike , både når det gjeld organisering av drifta og størrelsen på investeringa . - Det kjem utvilsamt til å bli ein del vanskelege val for politikarane framover med tanke på vegen vidare .
9 . november i år er plana å innføre Helseplattformen . – Vi ønskjer at overgangen skal bli så bra som mogleg , og jobbar mykje med dette .
Eg er ganske trygg på at dette kjem til å gå bra , da tilbakemeldingane frå andre kommunar som allereie har tatt det i bruk har sagt at det har gått greitt . Vi vil jobbe internt med opplæring og tilrettelegging med dei tilsette .
« Eg ønskjer at Surnadal skal vere ein attraktiv kommune å bo og leve i »
SURNADAL VÅR 2024 20