Surnadal Vårmagasin 2024 | Page 20

Kommunedirektøren har ordet
Næringsliv , bustadsituasjon og økonomi
Lars Inge synes det er viktig med eit aktivt næringsliv , og understrekar at kommunen ønskjer å støtte opp om næringslivet i Surnadal . – Vi ønskjer at næringslivet skal føle seg ivareteken av kommunen . Vi har god dialog med Surnadal Næringsforening og med verksemdene i bygda . Kommunens næringsfond brukast blant anna aktivt for å bidra til ei vidare utvikling av næringslivet i Surnadal .
Kommunen jobbar aktivt med å leggje til rette for bustadbygging , og er blant anna i dialog med Statsforvaltaren om bustadområdet på Vollan ( Buhagen Vest ). – Kommunen ønskjer å få komme i gang igjen med regulering og sal av tomter så fort som mogleg .
Det økonomiske aspektet til Surnadal kommune blir titt og ofte omdiskutert i avisa . I 2023 var kommunens driftsresultat 9,6 millionar kroner i minus . – I løpet av fjoråret var det mykje som skjedde . Kommunen tok i mot mange flyktningar , og ein blei naud til å byggje opp tenester i den forbindelse , eksempelvis innanfor vaksenopplæring og integrering , helse , skoler og barnehagar .
- I 2024 må vi jobbe med at kommunen får ein sunn og berekraftig økonomi vidare . – Vi ønskjer ikkje at disposisjonsfondet til kommunen skal bli tømt , så derfor ønskjer vi å ta hand om økonomien og styre oss sjølve .
- Ein må ha ein gjennomgang av den kommunale drifta , noko som kan vere sunt uansett . Her er politikarane allereie involvert i prosessen . Vi veit enda ikkje kva tiltak som blir iverksett , men målet er at dei tenestene som ytast skal bli minst mogleg påverka .
Kommunen som heilheit
- Per i dag er det 579 årsverk , og 757 personar som gjer sitt beste for kommunen . Det er viktig å dra dette i land – saman . Her er alle viktig for å få det til . Kommunen er ein stor organisasjon med ulike fagfelt , så det er viktig å drifte dei tenestene vi har på ein god måte .
- Det er krevjande , men viktig , å finne ein balansegang . I tida framover blir det færre unge , og fleire eldre , likevel må vi fordele ressursane slik at vi har ressursar innanfor pleie og omsorg , men også på andre områder . Vi ønskjer at folk skal trivst i kommunen vår , både som innbyggjar , innflyttar , medarbeidar , bedriftseigar og turistar .
SURNADAL VÅR 2024 21