Surnadal Vårmagasin 2024 | Page 18

Nyt ein kaffekopp og ei fantastisk eplekake i Svinviks Arboret
Ved Toåa tursti kan du ta en pause i gapahuken ved Båthølen
Elvepromenaden i Surnadal
Svinviks Arboret
Ved vakre Todalsfjorden ligg idylliske Svinviks arboret . Her finn du ei stor og innhaldsrik samling av ulike bartre frå heile verda , prydbusker , frukthage og gamle staudar . Likevel er arboretet mest kjend for si store , flotte rododendronsamling . Om våren kan du oppleve den storslåtte rododendronblomstringa – dette er ei oppleving utanom det vanlege !
Gå gjennom dei fine skogsstiane blant mektige trær , og nyt ein kaffikopp på den koselege kafeen . Her kan du kjøpe heimebaka og blomsterpynta kaker med bær frå drivhuset i hagen . Tips ! Her finn du verdas beste eplekake !
Hagen er open for publikum i sommarhalvåret , og på bestilling tilbyr dei omvising for grupper .
Toåa tursti
Sommaren 2020 opna Toåa Tursti i Todalen . Turstien går frå Trøbakkan og nedover langs elva til Halsabrua . Dette er ei strekning på 1,8 km .
Elvepromenaden i Svartvassområdet
I Svartvassområdet i Surnadal sentrum finn du den nye elvepromenaden . Stien langs Surna er ei investering i trivsel , helse og bulyst .
Stien startar nedanfor kjøpesenteret Alti Surnadal , og går langs elva opp mot Svartvassområdet . Langs stien er det to leikeparkar , eit toalettbygg og ein gapahuk . Gapahuken har innlagt straum , så her kan du ta med bakelsjarnet og nyte ein fin dag saman med vener og familie . Om vinteren blir det køyrt opp skispor i Svartvassområdet , noko som har vore veldig populært .
Dersom du ønskjer ein litt lengre tur , kan du fortsette på turstien som går gjennom Surnadal Camping Brekkøya , under Øye bru , og vidare langs ved elva . Deretter har du to ulike vegar du kan velje . Du kan velje å gå via Sandøra og til gapahuken i Bergheimshølen , eller du kan fortsetje vegen bort frå elva og ta ein runde rundt via Røssmoen og Leitet , og forbi Extra Surnadal .
Stien er opparbeidd med ein gangsti , og er universelt utforma slik at ein kan bruke både sykkel , barnevogn , rullestol og rullator for å kome fram . Det er spesielt tilrettelagt på strekninga frå Trøbakken og ned til gapahuken og fiskerampen i Båthølen . Her finn du fleire sitteplassar og bålpanne .
Tips ! Stien er oppkøyrt med skispor om vinteren , så denne turstien kan du bruke både sommar og vinter !
Svinviks Arboret
Her kan du sjå meir info om Svinviks Arboret og Toåa tursti :
Toåa tursti
SURNADAL VÅR 2024 19