Surnadal kommune
Eventyrlege turar
Skann QR-koden og ta med deg magasinet på tur !
Det er fint å padle inn til Vaulen . Foto : Marit Solvik Næss
Få er så heldige å få bo midt i eit turparadis som Surnadal . Om det er toppturar i fjellheimen eller fotturar i skog og mark . Kva med ein magisk tur i eit av Noregs finaste arboret ? Vi har lista opp turar i Surnadal som passar for liten og stor .
Vaulen
Vaulen er ein kommunal eigedom som ligg i naturskjønne omgjevnader på Nordmarka . Garden ligg på ei høgde mellom Krokvatnet og Solåsvatnet , med fritt utsyn over Vaulavatnet og fjella rundt . Det er om lag 4 km å gå dit frå vegenda ved Krokvatnet eller ved Solåsvatnet . Følg dei merka stiane .
Rundtur om Årneshola og « Ja-benken »
På den idylliske plassen Årnes er det mogleg å gå ein rundtur med to stopp på vegen . Gå på oppdagelsesferd ved grotta Årneshola . Der har ein funne spor etter vikingane og kanskje har grotta fleire hemmelegheiter som kan utforskast ? Vidare kan du ta en kvil på rasteplassen « Ja-benken » som har det flottaste utsiktspunktet på heile turen .
Dette er ein ganske kort tur med lite stigning undervegs , men merk dykk at partiet oppe ved Årneshola er såpass ulendt og bratt at det kan by på utfordringar om ein er dårleg til beins . Vegen er både skilta og merka undervegs .
Utsikt frå Åsbøsnytå Ja-benken på Årnes
Åsbøsnytå
Er du glad i frisk luft og idylliske utsiktar er ein tur på Åsbøsnytå noko for deg . Det er få gonger ein får så godt betalt for innsatsen sin som når ein tek turen opp lia der , men ha på sko som toler blaute parti og ver obs på kyr på beite . Turen er overkommeleg for dei fleste , og utsikta frå toppen er verkeleg vakker !
Køyr ca . 4 km frå Todalskrysset mot Todalen , og rett før du kjem til Nordvik , køyrer du opp skogsvegen på øvresida av vegen . Sett frå deg bilen på parkeringsplassen , og følg skilta og merka vidare derifrå .