Surnadal Vintermagasin 2022/2023 Surnadal Vintermagasin 2022/2023 | Page 30

Gunhild Marie Täringskog
– Denne hausten gler eg meg til å kunne finne roa , og kjenne at ting blir kvardag her . Det gler vi oss til både eg og mannen min , slår ho fast .
Ho , er Gunhild Marie Täringskog , ny biblioteksjef ved Surnadal bibliotek og nyleg heimflytta surnadaling . Det var i sommar at Gunhild tok med mannen , Simon , og borna Lukas Kristian og Noel , og flytta attende . Og det var saknet etter familien og besteforeldra til borna som gjorde at ho trekte heimatt . Dei fann òg ut etter nokre år i Kristiansund at dei trivst godt i meir landlege strøk . – Det er godt med større plass og det å ha meir luft omkring seg . No bur vi meir slik vi budde i Sverige . Gunhild voks opp på Sylte , og flytta ut av bygda allereie etter ungdomsskulen . – Ikkje først og fremst fordi eg ville vekk , men for at det var godt å skifte miljø og treffe fleire med same interesser som meg , fortel ho . Først vart det eit år på Høgtun folkehøgskule i Torvikbukt , før

Hels på Gunhild !

ho tok vegen til vidaregåande skule og musikklina i Os utanfor Bergen . Deretter var ho innom lærarutdanninga i Bergen , men det stemte ikkje heilt og ho tok ein pause . I ettertid er ho glad for at ho hoppa av , for no vart det til at ho for alvor måtte vurdere kva ho hadde lyst til . – Musikken bestemte eg meg for å heller ha som hobby enn som levebrød , men eg har alltid vore glad i bøker , lesing og kultur , og likar å organisere og halde system . Så da vart det til at eg flytta til Oslo og tok ein bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap . Og det var under studia der at ho møtte han som skulle bli mannen hennar , og etter eit år med avstandsforhold flytta ho til Sverige , kor dei vart verande i 4 år . Men Gunhild har alltid likt seg godt i Surnadal og lengta heim , så da familiesituasjonen deira endra seg i Sverige , byrja dei å sjå seg om etter jobb i nærleiken . Første stopp vart Kristiansund og biblioteksjefstilling på Averøya i 2019 , før biblioteksjefsstillinga i Surnadal vart lyst ut . Da visste ho at ho måtte berre hoppe i det og søkje . Slike stillingar blir ikkje lyst ut så ofte .
No har familien rukke å landa litt etter flyttinga . Mannen har fått seg fast jobb på Pipelife , ungane på 5 og 1,5 år trivst i barnehagen , og Gunhild starta i jobben som biblioteksjef 1 . august . På biblioteket er ho enno i ein innkøyringsfase , men reknar med å kunne vera med og setje sitt preg framover . – Eg må først finne ut kva vi har , kva vi ikkje har , kva folk vil ha og kva vi kan klare å tilby , seier ho . Men ho har ein liten draum om å kunne starte ein bokklubb for barneskuleelevar . Dette er berre på idéstadiet enno , men dei har lodda stemninga og fått positiv respons frå fleire . – Med bokklubben ønskjer eg å « fanga opp » dei som ikkje passar inn i det tilbodet som allereie finst i kommunen . Det skal bli sosialt med spanande aktivitetar og fokus på ulike bøker , med treff kanskje eit par gongar i halvåret . Gunhild oppmodar alle interesserte til å følgje med på nettsidene til biblioteket utover hausten , eller å ta kontakt . For Gunhild er det viktig at biblioteket kjennes ope ut , og som ho sjølv seier – Du skal veta at hit kan du koma og finne på kjekke ting . Eg ønskjer at biblioteket skal bidra til eit rikare liv for både store og små , avsluttar ho .
SURNADAL VINTER 2022 / 23 30