Surnadal Vintermagasin 2022/2023 Surnadal Vintermagasin 2022/2023 | Page 31

Alice Oseman :
Hjertestopper / Heartstopper vol . 1
Prøv og les denne nydelege teikneserien utan eit smil om munnen – eg trur ikkje du får det til ! Charlie og Nick blir gode vener når dei blir plassert ved sidan av kvarandre i klasserommet . Charlie dett raskt pladask for Nick – og er ulukkeleg forelska , for Nick likar jo ikkje gutar på den måten ... eller ? Dette er lett , romantisk og veldig søt lesing – men utan å unngå meir alvorlege tema .
Den passar godt for ungdom ( og vaksne ), og har og blitt adaptert til ein Netflix-serie . Biblioteket har bokserien på norsk og engelsk .
Agnes Ravatn :
Verda er ein skandale – ei lita bok om livet på landet
Denne vesle boka høyrde eg på lydbok i e-bok-appen vår BookBites , og gjekk og smilte og humra for meg sjølv . Agnes flyttar med familien frå Oslo til den vesle heimbygda på Vestlandet . Her blir ho nabo og god ven med ( den mykje eldre ) forfattaren Einar Økland , og vi får bli med inn både i venskapen og i Agnes sine tankar om by vs . land , skriving , lukke , seg sjølv ( mykje sjølvironi her !) – og om Einar , så klart . Som forresten lagar perfekte frøknekkebrød . Det er ei morosam , herleg lita bok som får deg til å ønske deg ein underfundig , gammal forfattar som nærmaste nabo .

4 bøker å varme seg på i vinter Gunhilds boktips

Mariell Øyre :
Bestefar og Miri
Bildebok med vakre , fargerike illustrasjonar av Borghild Fallberg . Miri sin beste ven er Bestefar . Og det er ikkje rart – bestefar er varm , leiken , og seier aldri nei . Miri tykkjer det er kjempetrist at Bestefar , pga . helsa , skal reise sørover for vinteren . Ho vil hente bestefar heimatt , men det er kanskje ikkje så lett å hente han frå Spania ? Men Miri er kreativ ! Det handlar om nydeleg venskap og sår lengsel . Ganske så hjarteskjerande , tykkjer eg , som har barn som bur langt frå to av besteforeldra sine . Eg klarar ikkje å lese denne boka utan å få ein klump i halsen . Men så er det og godt å lese og prate om det som er litt trist . Heldigvis er gjensynsglede eitt tema både i boka og i livet vårt !
Alex Schulman :
Glem meg
Då eg budde i Sverige vart eg glad i Alex Schulman sine bøker . Han er svensk kjendis , og driv ein av Sveriges første og største podcastar . Han er ikkje berre populær , og har vorte kritisert for å vere sjølvsentrert i skrivinga si - då alle romanane hans omhandlar eige liv eller familieforhold . Men kva gjer vel det , når han skriv så drivande godt og gjenkjennbart ?– seier eg . I Glem meg skriv han om forholdet til mora , som var alkoholisert – om ein tøff barndom i ein “ danna ” heim . Det er sårt , ærleg og utruleg godt observert og skildra - både om seg sjølv , og dei andre personane i boka . Sjølvsagt er det mykje vondt her – men og mykje varme . Det er ei sterk og gripande bok .
SURNADAL VINTER 2022 / 23 31