Surnadal Vintermagasin 2022/2023 Surnadal Vintermagasin 2022/2023 | Page 29

Kvil i skyminga

« Å halde skyming » var det vanleg å gjera før i tida , også her i Surnadal , da satt ein innomhus og kvilte i stunda mellom dagslys og før det vart så mørkt at ein måtte tenne lys , og tida vart gjerne nytta som forteljestund . Skyming er kanskje mest kalla skumring eller blåtimen i dag , og har gjeve inspirasjon til både forfattarar , låtskrivarar , kunstnarar og fotografar . Det er i denne tida det er tussmørkt , da det korkje er lyst eller mørkt og ein ofte kan sjå for seg kva som lurar av tussar og skrømt i skuggane .
Kanskje er det tid for å ta attende tradisjonen med å kvile i skyminga . Det høyrest nesten litt magisk ut , i alle fall for oss moderne menneske som stort sett alltid er i « gjerra-alt-fort-og-gællehelst-i går » -modus , og sjeldan loggar av . Vi skal ikkje bli sittande lenge i mørket før handa automatisk tek opp mobilen , opnar favoritt-appen og vi forsvinn ned i blålyset frå skjermen , som dei dopaminjunkiane vi er .
Vi er nok eigentleg mørkredde heile gjengen , vi kunne i alle fall ikkje sett for oss eit liv utan lys og vi lyser opp det som lysast opp kan , både ute og inne . Best ser ein det på satellitt-bilete av jorda om natta . Frå Hammerfest fekk elektriske gatelys i 1891 , som første by i verda , og fram til i dag finst det snart ikkje nattmørke att . Vi strålar av kunstig lys og det har konsekvensar .
Ikkje får vi sove , lauvet på trea sprett for tidleg og fuglar og insekt finn ikkje fram . Lyset påverkar helsa vår , dyrelivet og naturen rundt oss . Heile økosystemet vert påverka berre fordi vi er så opptekne av lys . Det kunstige lyset stel òg stjernehimmelen frå oss . Stader der du før såg fleire tusen stjerner , kan du i dag kanskje berre sjå eit fåtal . Lysforureining kallast det .
Nattmørke har vorte noko som må vernast , og fleire land har allereie vedteke lovar som skal gjera nett det . Her til lands har regjeringa og interessegruppa « Bevar mørket » kome med veiledarar og døme på konkrete tiltak til verksemder og kommunar . Men , som med alt anna , vi kan alle bidra med vårt .
Så kanskje skal vi ikkje vera så redde for mørket , og heller nytte høvet til å roe ned . Så slå av utelampa når du ikkje treng ho , og kvifor ikkje vente med å slå på lysa innomhus innimellom og kvil i skyminga . Det hadde mest sannsynleg gjort oss godt . Godt for helsa , miljøet og eit aldri så lite straumsparetips slik på tampen av året .
SURNADAL VINTER 2022 / 23 29