I det du stuper inn døra etter ein lang dag på jobb , stopp litt . Pust godt inn og pust sakte ut . Senk skuldrene . Finn godstolen og sett deg godt til rette der i halvmørket og berre kjenn at stresset frå dagen slepp taket . Kanskje er de fleire som nyter roa saman , og kanskje kjem dei gode samtalane av seg sjølve . Først når det har vorte heilt mørkt slår de på lyset . Det er å kvile i skyminga .
Kjelder : « Lysforurensing », Store norske leksikon . « Bevar mørket ! En veileder for å redusere lysstøy » Bevar mørket , 2020 . « Feil lys til feil tid er et problem , enten du er øyenstikker eller stjernekikker », Anne Sverdrup-Thygesen , Klassekampen 27.11.20 .
SURNADAL VINTER 2022 / 23 28