Se aktivitetskalender
TRYKK HER
Turistanlegget har offisiell opning og står ferdig skilta 1 . september 2023 . Surnadal kommune håpar at dette blir ein attraksjon som folk ønskjer å bruke . – Ein finn nok ikkje eit veganlegg bygd i tre av denne dimensjonen i Noreg , fortel Anne Lise With Vullum . – Mange lokale skuleelevar og studentar frå NTNU har utført arbeidsoppgåver på turstianlegget for å lære ulike typar tradisjonshandverk .
Anne Lise er prosjektleiaren for Kavlvegen kultursti , og fortel vidare at Surnadal kommune har hatt eit unikt samarbeid med Husasnotra , som er ein lærestad for tradisjonshandverk ved
Nordmørsmusea . Torgeir Leivdal har utvikla eit industrielt byggjesett basert på kavlvegmetoden , som heiter Surnadalskloppa . Byggjesettet kan leverast over heile landet på bestilling frå Bøfjorden Sag . Slike byggjemetodar er i nyare tid meir kjent under begrepet klopping , og fokuset har vore på å formidle lokale kulturminne og tradisjonshandverk i dette inkluderande friluftsanlegget , med ein moderne vri . Før var trebruer ein viktig ferdselsåre for å kome seg over myrene , no kan du kome deg fram på stien både med rullestol og barnevogn , og samtidig nyte utsikta og drøyme deg bort inn mot Trollheimen .
Ein plass der alle kan samlast og trivast
Stien startar to stader ; frå Galtmettet og frå Åsen bygdemuseum på Eidet . Parkeringsplassen på Galtmettet er reservert for personar med nedsett funksjonsevne når turstianlegget står ferdig skilta . Alle andre vil kunne parkere ved Åsen bygdemuseum og gå derifrå . Stien går gjennom skog , over myrterreng , og ein kjem tett på naturen . Her kjem ein seg fram både med rullestol og barnevogn , og heile familien kan dra på utflukt til den nybygde kvilebua som ligg ved Lomtjønna .
Kvilebu
Ved Lomtjønna er det bygd ei romsleg kvilebu med sitteplassar og grillplass inne , med tilhøyrande utstyr og retningsliner for bruk . Det blir også lagt til rette for kaffikoking og pølsegrilling utandørs langs turstien når alt er ferdig .
SURNADAL 2023 19