Surnadal magasin vår 2023 Surnadal magasin vår 2023 | Page 18

Surnadal kommune

Kavlvegen kultursti

Drøym deg bort inn mot Trollheimen

Kavlvegen kultursti er ein ny turveg som kombinerer universell utforming og eldgammal byggjeteknikk . Stien er inspirert av den gamle kavlvegen frå Vikingtida som vart funnen i området på Eidet i Surnadal . Delar av vegen er derfor bygd grov og tru til historia , men det er også laga ein breiare og rettare veg med hjelp av moderne hjelpemiddel som gjer den rullestolvennleg .
Foto : Anne Lise With Vullum
Kavlveg
Ein kavlveg er ein veg eller ein sti over ei myr eller anna blaute område . Den er forsterka med kavler , som er rundtømmer eller kløyvde stokkar . Desse er lagt tett inntil kvarandre , vanlegvis på tvers av ferdelsretninga , men for smalare sti også stiretninga . Formålet er at dei som ferdes ikkje skal sige ned i myra , ved at stokkane fordelar lasten .
SURNADAL 2023 18