Framgang 1, 2018 | Page 18

HYTTELIV I Skeisnebba – skjult perle med plass til fleire Av Anne Lise With Wullum Kven er dei, desse hyttefolka som held til oppe under Knyken? Vi ser tende utelys i fjellsida over Surnadal, fleire og fleire, faktisk. Kvifor har dei hytte oppi der? Etter ein kort biltur på velpreparert vinterveg, kjem vi opp i fjellsida til ei hyttegrend med spektakulær utsikt over fjord og fjell. Hit kjem altså hyttefolket kvar einaste helg og til alle årstider. Her finn dei roa og får påfyll av ny energi. Men dei deler gjerne området og sjelefreden med fleire som ønskjer å gjere ei investering i livskvalitet, og dei har hytte- tomter å selje. kommunalt vatn og avløp, noko som var viktig for mange da dei valde å etablere seg her. Det aller viktigaste for dei fleste var likevel sjølve området, og det faktum at Surnadal og omland byr på eit fantastisk mangfald av opplevingar, aktivitetar og tilbod året rundt. – Velkomen hit til oss! Så triveleg at vi får lov til å fortelje litt om livet som hyttefolk oppi her, seier Ann-Kristin Emblem, mange- årig hytteeigar i Skeisnebba hyttefelt. Både bygdefolk og folk langvegsfrå eig hytter i Skeisnebba, fortel dei. Feltet har privat veg, men 18 Ikkje mange hyttekommunar i landet kan skilte med både høgfjell og sjøliv, i tillegg til eit så rikt kultur- og festivaltilbod. tillét det, og elles nyte godt av alle dei service- tilboda som Surnadal byr på. Om vinteren er det kort veg til både lysløyper og alpinanlegget, og eigenpreparerte skiløyper startar rett utanfor døra. Dei same områda innbyr til bærtur eller topptur når det er bert. PLASS TIL FLEIRE SAMHALD Ann-Kristin og mannen hennar er vertskap denne dagen. Nesten heile hyttegrenda har møtt fram og sit og ventar ved langbordet som er dekt med nysteikte sveler, bollar og kaffi. Ingen uvanleg situasjon, skal vi tru den glade forsamlinga. Samhaldet i hyttefeltet er nemleg særs godt. Foto: Kim E. Fiske Godt samhald i hyttefeltet. KORTE AVSTANDAR Ikkje mange hyttekommunar i landet kan skilte med både høgfjell og sjøliv, i tillegg til eit så rikt kultur- og festivaltilbod. Nede i dalen kan vi besøke kalkstranda når badetemperaturen – Her bur vi 10 minutt unna alt vi treng og likevel heilt usjenert ved foten av Trollheimen. Vi som har hytter her har behov for å synleggjere denne perla av ein plass. Vi ønskjer rett og slett å bidra til lokal utvikling og løfte fram alt det gode Surnadal har å by på. Vi kan ikkje ha dette heilt for oss sjølve. Det er plass til fleire pølser på grillen, smiler Asbjørn, som legg til at det er regulert inn 200 hyttetomter. – Enkelte av oss brukar opptil hundre dagar i året på hytta, og kombinerer jobb og fritid. Det seier vel litt om kor flott vi har det, avsluttar Ann-Kristin Emblem.