Framgang 1, 2018 | Page 19

HYTTEGRÜNDERAR

Dronninga

VED FOTEN AV

Av Anne Lise With Wullum
Foto: Anne Lise W. Wullum
Emil Bråten og Morten Strøm såg behovet for eit betre tilbod for fjellfolket og tok saka i eigne hender.
No slepp fjellfolket ved Dronningkrona å overnatte i bilen. Lokale gründerar sørgjer for tak over hovudet og sårt tiltrengte sanitære tilbod. No blir ein heilt ny fjellcamp i Virumdalen skapt.
I Virumdalen, på vegen inn til Innerdalen, har det i lang tid auka på med turfolk ved Dronningkrona, Grøvelnebba og Kongen.
Det kan vere opptil 100 mann på Dronningkrona ei helg i mai. Parkeringsplassen ved Dalsbø har vore overfylt med neddogga bilar og telt med sovande fjellfolk utan tilgang på sanitæranlegg.
EIT ORGANISERT TILBOD
– Vi hadde fundert på dette på kvar vår kant i mange år, og under ein balkongkveld openberra det seg at vi tenkte på akkurat det same.
Emil Bråten og Morten Strøm har lang fartstid innan klatremiljøet og solid kunnskap om både Sunndalsfjella og folket som går opp på toppane, både lokale og langvegsfarande.
Emil og Morten såg at det var noko som mangla i hyttetilbodet i Sunndal og ville gjere noko med det. Grunneigar Tom Rødsand Bestvold tende augeblikkeleg på ideen om eit organisert overnattingstilbod med infrastruktur for fjellfolket.
– Ballen rullar fort når kommunen, banken, Aura Næringshage og grunneigar alle er så positive, fortel gründerane, og rettar ein stor takk til alle for godt samarbeid.
SNART KAN FJELLFOLKET FLYTTE INN
Når Framgang kjem på besøk er Emil og Morten, som båe er snikkarar, i full gang med å ferdigstille hyttene innvendig. Parkeringsplassen ved Dalsbø har vorte utvida og mellom snødekte furuer står det no tre små laftehytter i eit tun med felles utedo. Det ryk frå vedomnen i den eine hytta.
– Laft er dyrare, men har ein heilt annan kvalitet. Vi ville bruke lokal byggeskikk og leverandøren vår Lervike skal ha all honnør for ein god og lærerik prosess. Til og med mulldoen har stavlineramme, smiler Emil og Morten.
Kvar hytte har fire sengeplassar med vedomn, tørkerigg, kjøleskap og komfyr.
– Dette er ein start og det vil framleis vere mogleg å telte her. Firmaet vårt Skarfjell Utvikling AS har tre mål til disposisjon og planer for fleire hytter på sikt. Vi er opptekne av å tilby fjellfolk eit overkommeleg prisnivå og at det skal lønne seg å dele hytter.
MOGLEGHEITER
Med tida blir denne fjellcampen kanskje arena for arrangement, kor ein kan kombinere toppturhelg med sosialt og fagleg fellestreff på kvelden. Skarfjell Utvikling ser fjellcampen i Virumdalen som eit supplement til tilbodet i Innerdalen, særleg i vinterhalvåret.
– Dalen har ein spesiell aura som tiltrekkjer folk året rundt og no er vi glade for at vi kan ta imot bestillingar, avsluttar to trivelege karar i arbeidsklede.
19