HYTTELIV I
Skeisnebba
– skjult perle med plass til fleire
Av Anne Lise With Wullum
Kven er dei, desse hyttefolka som held til oppe under Knyken?
Vi ser tende utelys i fjellsida over Surnadal, fleire og fleire, faktisk.
Kvifor har dei hytte oppi der?
Etter ein kort biltur på velpreparert vinterveg,
kjem vi opp i fjellsida til ei hyttegrend med
spektakulær utsikt over fjord og fjell. Hit kjem
altså hyttefolket kvar einaste helg og til alle
årstider. Her finn dei roa og får påfyll av ny
energi. Men dei deler gjerne området og
sjelefreden med fleire som ønskjer å gjere
ei investering i livskvalitet, og dei har hytte-
tomter å selje.
kommunalt vatn og avløp, noko som var viktig
for mange da dei valde å etablere seg her.
Det aller viktigaste for dei fleste var likevel sjølve
området, og det faktum at Surnadal og omland
byr på eit fantastisk mangfald av opplevingar,
aktivitetar og tilbod året rundt.
– Velkomen hit til oss! Så triveleg at vi
får lov til å fortelje litt om livet som hyttefolk
oppi her, seier Ann-Kristin Emblem, mange-
årig hytteeigar i Skeisnebba hyttefelt.
Både bygdefolk og folk langvegsfrå eig hytter i
Skeisnebba, fortel dei. Feltet har privat veg, men
18
Ikkje mange hyttekommunar i landet kan skilte med både høgfjell og sjøliv,
i tillegg til eit så rikt kultur- og festivaltilbod.
tillét det, og elles nyte godt av alle dei service-
tilboda som Surnadal byr på.
Om vinteren er det kort veg til både lysløyper
og alpinanlegget, og eigenpreparerte skiløyper
startar rett utanfor døra. Dei same områda
innbyr til bærtur eller topptur når det er
bert.
PLASS TIL FLEIRE
SAMHALD
Ann-Kristin og mannen hennar er vertskap
denne dagen. Nesten heile hyttegrenda har
møtt fram og sit og ventar ved langbordet
som er dekt med nysteikte sveler, bollar og
kaffi. Ingen uvanleg situasjon, skal vi tru den
glade forsamlinga. Samhaldet i hyttefeltet er
nemleg særs godt.
Foto: Kim E. Fiske
Godt samhald i hyttefeltet.
KORTE AVSTANDAR
Ikkje mange hyttekommunar i landet kan skilte
med både høgfjell og sjøliv, i tillegg til eit så
rikt kultur- og festivaltilbod. Nede i dalen kan
vi besøke kalkstranda når badetemperaturen
– Her bur vi 10 minutt unna alt vi treng
og likevel heilt usjenert ved foten av
Trollheimen. Vi som har hytter her har
behov for å synleggjere denne perla av
ein plass. Vi ønskjer rett og slett å bidra til
lokal utvikling og løfte fram alt det gode
Surnadal har å by på. Vi kan ikkje ha dette
heilt for oss sjølve. Det er plass til fleire
pølser på grillen, smiler Asbjørn, som legg
til at det er regulert inn 200 hyttetomter.
– Enkelte av oss brukar opptil hundre dagar
i året på hytta, og kombinerer jobb og fritid.
Det seier vel litt om kor flott vi har det,
avsluttar Ann-Kristin Emblem.