Den gedigne grå peisen med overflate i mikrosement bind opphaldsromma i huset fint saman.
Huset har ein uhøgtideleg miks av antikvitetar, moderne design og ingen kvite flater.
På ein del veggar og tak har paret vald å bruke finérplater av bjørk.
Spisestovemøblane har vorte pussa og fått nytt understell
frå Sollid Mek for å passe betre inn.
Betonggolvet i gangen er godt å gå på
og ikkje så hardt som ein skulle tru.
Det flotte s tuetaket er dekt med lekter i eik.
INNEKLIMA MED LOKALE LEVERANDØRAR
– Med tanke på inneklima, korleis er overgangen frå eit trekkfullt
gammalt hus til eit tett hus?
– Dette med inneklimaet i nye hus, var vi spente på. Huset er potte tett!
Likevel er det god luft å puste i. Vi er positivt overraska. Kanskje har det
å gjere med at vi har brukt så mykje treverk innvendig?
Huset er planlagt med praktiske og vedlikehaldsfrie løysingar i høgsetet.
Utvendig er huset kledd med Royal bordkleding frå Talgø og har
vindusrammer i aluminium.
– Eg er mest fornøgd med å ha fått vaskerom/grovkjøkken og eige
hobbyrom, seier Marit Jorid. Og at vi fekk til ein vinterhage utanfor
kjøkkenet til bruk i ein ustabil nordmørssommar.
– Skriv at vi er godt fornøgde med jobben som Pre-Bo Bygg har utført
med dei tilpassingane vi ville ha. Dette er eit godt hus å bu i.
Det einaste vi irriterer oss over er at peisglaset blir så fort svart, ler
eigarane av Moabrekka 3.
Marit Jorid er blant anna fornøgd med å ha fått eige hobbyrom og vinterhage utanfor kjøkkenet.
17