FRÅ
KRÅKESLOTT TIL
funkishus
MED SJEL
Av Anne Lise With Wullum. Foto: Lediard Foto AS
– Det blir sagt at ein skal bygge tre hus før ein er
fornøgd, seier Marit Jorid og Palmer Brennskag.
I Svartvassområdet i sentrum av Surnadal har det den
siste tida vorte bygd mange nye hus, mellom anna fleire
funkishus. Med vidt utsyn over elva, alpinanlegg, åker
og eng, har paret skapt sin tredje heim.
Det er vanskeleg å sjå at det eitt år gamle huset er bygd med utgangs-
punkt i eit kataloghus frå Vestlandshus. Vel innanfor dørstokken ser vi
fort at fagfolk må ha strekt seg litt utom komfortsona.
– Vi har fått det slik vi ville. Dette huset rommar livet vårt, både det livet
vi har levd og det vi skal leva.
KJÆRLEIKENS HUSREISER
– Vi har alltid vore glade i hus. Då vi bygde vår første heim i
Grimsmomarka i 1980, var lidenskapen vår for hus allereie tend.
Vi reiste rundt og såg på hus og abonnerte på magasinet Bonytt. Huset
frå den gongen fekk furupanel på vegger og tak, teppegolv og store
vindusflater. Det var i dette huset ungane vaks opp. Seinare kjøpte Marit
Jorid og Palmer den gigantiske trevillaen Rønnan ved Stangvikfjorden
og budde der i 14 år.
– Det må ha vore litt av ei utfordring å bu i det store gamle huset som
«Gullkongen» Fredrik Bruseth bygde i si tid? Er valet av funkishus ein
slags etterreaksjon?
Det nye huset ser både røft og elegant ut. Men inne er det den
heimekoselege og varme atmosfæren som slår ein.
– Folk har spurt oss om kva for stil vi har gått for, men vi har ikkje
nokon bestemt stil. Vi har berre kjøpt eitt møbel til det nye huset, og
det er ein skjenk til spisestova. Spisestovemøblane er frå den første
heimen vi bygde og har berre vorte pussa og fått nytt understell frå
Sollid Mek for å passe betre inn, fortel Marit Jorid. Sollid Mek har
også laga det flotte rekkverket på utsida av huset.
Huset er blotta for kvite flater. Det flotte stuetaket er dekt med lekter
i eik. – På ein del veggar og tak har vi vald å bruke finérplater av
bjørk, fortel Palmer. Desse er påført fleire lag med panellakk.
– Snikkarane var ikkje så glade for denne løysinga, da den krev
presisjonsarbeid litt utanom det vanlege, for å få det fint.
Men resultatet vart kjempebra, seier han fornøgd.
Marit Jorid går berføtt under besøket vårt. – Betonggolvet i gangen
er så godt å gå på, og ikkje så hardt som ein skulle tru.
– Eigentleg ikkje. Åra i Rønnan var fine og vi følte ikkje, som mange
kanskje trudde, at huset var enormt stort og lite heimekoseleg. Det vart
ein personleg heim. Huset vart hobbyen vår. Det kravde mykje arbeid,
tålmod og interesse for gamle hus, men vi hadde stor glede av huset. Heile huset har ein uhøgtideleg miks av antikvitetar, moderne design
og bruk av fargar og tre. Det er tydeleg at paret har sansen for
estetikk. Den gedigne grå peisen med overflate i mikrosement bind
opphaldsromma i huset fint saman.
Paret visste at ein dag ville dei ikkje greie å halde Rønnan ved like.
Dei ville flytte før dei vart for gamle, medan dei framleis hadde overskot
og lyst til å skape noko nytt som vart deira. På fleire av veggane heng vakre kunstverk i tekstil som Marit Jorid
har laga. Vi ser kven som bur her.
– Den opphavlege planen var å bygge eit nytt hus i Stangvik, men dette
ga vi opp da arbeidet med ny arealplan i kommunen tok så lang tid.
– Så det var tilfeldig at de hamna her?
– Ja, og vi skal innrømme at vi saknar å springe rett ut i fjorden! Men
no er vi godt fornøgde med å bu i sentrum. Det er lettvint, særleg med
tanke på alderdomen, smiler paret og viser veg inn i den nye heimen.
16
MATERIALVAL
– Vi likar å bruke tekstilar, både på golv og veggar. Vi har brukt ein
ny type gips som tåler oppheng på opptil 40 kilo og bruk av vanlege
skruvar. I tillegg er den nye gipsen meir robust og tåler ein trøkk
utan at det blir stygge hakk. Den er litt dyrare, men på sikt er dette ei
god investering og ein står friare til å innreie som ein ønskjer. Vi ville
ha eit praktisk, men ikkje minimalistisk hus. Vi trur og at akustikken
innvendig blir meir behageleg ved bruk av tre og tekstilar.