Framgang 1, 2018 | Page 17

Den gedigne grå peisen med overflate i mikrosement bind opphaldsromma i huset fint saman. Huset har ein uhøgtideleg miks av antikvitetar, moderne design og ingen kvite flater. På ein del veggar og tak har paret vald å bruke finérplater av bjørk. Spisestovemøblane har vorte pussa og fått nytt understell frå Sollid Mek for å passe betre inn. Betonggolvet i gangen er godt å gå på og ikkje så hardt som ein skulle tru. Det flotte s tuetaket er dekt med lekter i eik. INNEKLIMA MED LOKALE LEVERANDØRAR – Med tanke på inneklima, korleis er overgangen frå eit trekkfullt gammalt hus til eit tett hus? – Dette med inneklimaet i nye hus, var vi spente på. Huset er potte tett! Likevel er det god luft å puste i. Vi er positivt overraska. Kanskje har det å gjere med at vi har brukt så mykje treverk innvendig? Huset er planlagt med praktiske og vedlikehaldsfrie løysingar i høgsetet. Utvendig er huset kledd med Royal bordkleding frå Talgø og har vindusrammer i aluminium. – Eg er mest fornøgd med å ha fått vaskerom/grovkjøkken og eige hobbyrom, seier Marit Jorid. Og at vi fekk til ein vinterhage utanfor kjøkkenet til bruk i ein ustabil nordmørssommar. – Skriv at vi er godt fornøgde med jobben som Pre-Bo Bygg har utført med dei tilpassingane vi ville ha. Dette er eit godt hus å bu i. Det einaste vi irriterer oss over er at peisglaset blir så fort svart, ler eigarane av Moabrekka 3. Marit Jorid er blant anna fornøgd med å ha fått eige hobbyrom og vinterhage utanfor kjøkkenet. 17