Amfi Kreativ Vårmagasin 2019 | Page 7

Kavlvegen: Kulturminne blir kultursti Følg gjerne prosjektet på Facebook! Kavlvegen kultursti I Surnadal er ei eldgammal ferdselsåre i ferd med å bli restaurert og omskapt til kultursti. Kavlvegen følgjer historiske fotefar frå Grimsmomarka til Åsen bygdemuseum på Eidet. Frå venstre: 1: Husasnotra saman med bachelorstudentar i tradisjonelt bygghandverk/NTNU. 2: Lærling ved Husasnotra Jonathan Kalvik Gorton. 3: Hestekarane Anders Sæther Moen og Harald Røen under tradisjonell tømmerkjøring. Under: Næming ved Husasnotra, Aske Lindquist Bækken Eldgammelt “ handverk gir nytt turområde På Eidet ligg eit av dei mest verdifulle kulturminna i Surnadal kommune, ei 800 meter lang strekning av ein kavlveg, med stokkar som er daterte til 1000 år bak i tid. Ein kavlveg er ein veg av tømmerstokkar, delt på langs og lagt ned i bakken, som gjer ferdsel over myr og vått terreng mogleg. Den eldgamle kavlvegen på Eidet ligg godt bevart i myra, men no skal ein ny kavlveg opp i lyset – for å gjere gamle kulturminne betre kjent, og for å gi kommunen eit nytt turområde på ein heilt eigen kultursti. Delar av den nye turstien vil bestå av kavlveg, bygd etter same mønster som den gamle vegen, som i dag ligg gøymt i myra. Surnadal kommune har fått BARK-midlar frå Riksantikvaren til å rekonstruere 500 meter med kavlveg som del av den nye kultur- stien tufta på kulturminnet. Med den nye vegen/stien, lagar kommunen ein kultursti som nyttar seg av ein gammal metode som gjer ferdsel over sårbar våtmark og myr mogleg utan store naturinngrep. Slik har prosjektet potensi- elt stor verdi også nasjonalt, med kompetanse- bygging og kunnskapsdeling. Denne vinteren og våren starta arbeidet med vegen. Først med tømmerhogst med hestetransport, så med tilverking av stokkar. Surnadal kommune har i samarbeid med Riksantikvaren og Møre og Romsdal fylkeskommune invitert til fleire kurs og foredrag om legginga av kavlvegen, for å gi mange høve til å delta i prosjektet og lære eldgammalt handverk. Arbeidet med kavlvegen og kursprogrammet er det byggleiar Torgeir Leivdal ved Husasnotra, ei av- deling i tradisjonshandverk ved stiftelsen Geitbåt- museet/Nordmøre museum, som har ansvaret for. NTNU Vitenskapsmuseet leverer det arkeologifag- lege grunnlaget. Mange frivillige vil vere involverte i arbeidet med å legge til rette for og sette i stand den nye kulturstien. Stien vil bestå av fleire delar: noko er kopi av den gamle kavlvegen, noko er modifisert kavlveg, og der det er nødvendig, vil stien vere gruslagt. Ein del av stien vil bli universelt utforma for enkel ferdsel med rullestol eller barnevogn. I sommar/haust startar legginga av kavlveg-kopien, medan bygginga av resten av turstien vil ta fatt i 2020, dersom alt går i rute med anbodsrundar og planarbeid. Den ferdige kulturstien vil vere ein 3,5 km lang rundtur frå Åsen bygdemuseum, med tida også med gangvegstilgang frå bustadfelta i Grimsmomarka. Når kulturstien står ferdig, får Surnadal eit nytt og lett tilgjengeleg friluftstilbod – kombinert med formidling av eit verdifullt kulturminne. 7