Amfi Kreativ Vårmagasin 2019 | Page 8

e ng Sommerro Henni Trondheimsolisten stad Elizabeth Svar dsen Hilde Gjermun vik Torstein Snek John Pål Inderb erg trio Jeremy Welsh Brazz Brothers Gerd Ingrid Kvendset er dagleg leiar for Vårsøghelga, og ønskjer velkommen til ei innhaldsrik jubileumshelg. niet Campingkompa ELG - Øyvind Elgenes Håkon Magnar Skogstad Mona Spigseth Sigrid Vetleseter Bøe Våryr og vakker i 25 år! Vårsøghelga blir arrangert for 25. gong i år, og i jubileumsåret er programmet spekka med høgde-punkt. Velkommen til eit våryrt, vakkert og variert program 24.-26. mai! Jubileumstog «Skei rundt» FREDAG Bli med Skei rundt! Start og stopp ved Surnadal kulturhus, med Brazz Brothers i spissen. Etter toget blir det minikonsert, gratis is til barna og offisiell opning av Vårsøghelga og kunstutstillinga i Finstuå. Kunstutstilling, frå FREDAG Årets Vårsøgkunstnar er Jeremy Welsh. Han stiller ut arbeida sine i Finstuå på kulturhuset. Konsert på Surnadal Billag FREDAG Elg i solnedgang på Øra! Brazz Brothers og Elg med lokalt band spelar, og Jeremy Welsh lagar lyskunst til musikken. 8 Bobler og barokk LAURDAG Vi markerer at det er 250 år sidan Ole Andreas Lindeman vart fødd, med historieforteljing og konsert på Øverlandet, Øye. Barokkdansar Elizabeth Svarstad, sopran Hilde Gjermundsen og cembalist Jon Skogstad opptrer med perler frå 1700-talet, sjølvsagt med Lindemans eigen musikk sentralt. Kleivakvelden LAURDAG Vårsøghelgas far, Henning Sommerro, er ein sjølvsagt hovudartist på Kleiva i jubileumsåret. I år innvier vi den flunkande nye Kleivascena! Henning får selskap av sin gode vårsøgbror John Pål Inderberg, vår eiga operastjerne Sigrid Vetleseter Bøe og fleire sterke, lokale aktørar. Boksøg SØNDAG Edvard Hoem er heidersgjest. Han fortel om bøkene sine og signerer bøker. Sommarvind SØNDAG Edvard Hoem les utdrag frå forfattarskapet sitt, til musikk og song frå John Pål Inderberg trio og Ine Hoem. E slåttatæja SØNDAG Den store festkonserten er ein lanserings- konsert, der solopianist Mona Spigseth og Trondheimsolistene framfører to nye verk av Bertil Palmar Johansen og Henning Sommerro. Gle deg til å høyre musikk ingen har høyrt før! ...og mykje meir! Henningtimen, Askeladden, vårsøgdikt, vårsøgtorg og drivadebatt er noko av alt det andre du kan få med deg under Vårsøghelga. 8 Sjekk varsoghelga.no for fullt program og billettinfo. Velkommen! Edvard Hoem Vårsøghelga @varsoghelga