Amfi Kreativ Vårmagasin 2019 | Page 6

AKTIVITET OG AVSLAPPING – midt i sentrum Landskapsplan Svartvatnet friområde. Svartvatnet friområde, ein aktivitetspark og ei grøn lunge på Skei, vil by på noko heilt nytt. Med utgangspunkt i ein kreativ workshop i 2016, der mange ønske vart løfta fram, har planlegginga av området i dag komme eit langt steg framover. Berit Okstad i areal- og naturforvaltingsavdelinga i Surnadal kommune fortel at reguleringsplanen for svartvassområdet på Skei, Surnadal sentrum, vart vedtatt allereie i 2008. Dei siste åra har det dukka opp mange nye bustader i området, og heile 16 mål er regu- lert til friområde. I samband med at området stadig utviklar seg med fleire bustader, både hus og leilegheiter, vil parken i området bli realisert. – Det er mange som har hatt gode innspel vi har lytta til i planlegginga, mellom anna Rådet for likestilling av funksjonshemming, Ungdoms- rådet, Eldrerådet, Atleta, Trollheimen Trenings- senter, representantar frå skategruppa, Bårdshaugen barnehage og fleire småbarns- foreldre, seier Okstad. Berit O Berit Okstad Areal- og naturforvaltningsavdelinga i Surnadal kommune. 6 Området skal være tilgjengeleg for alle, og tilkomst, aktivitetar, identitet og kvalitet har vore viktig i plan- leggingsfasen. Okstad fortel at det å ta i bruk elva står svært sentralt. Mange aktivitetstilbod I landskapsplanen for området finn vi mange kreative forslag som no blir sett ut i live. Her er det planar for sykkelløype, leikeplassar, badebrygge og strand, sandvolleyballbane, skating og streetbasket. Parken vil gi rom for både aktivitet og avslapping. – Kvifor skal ikkje Surnadal ha eit parkområde sentralt i bygda, spør Okstad ivrig, og viser til at dei no har henta inspirasjon frå fleire norske byar og tettstader, som allereie har realisert slike prosjekt. Gang- og sykkelveg frå Grytå/Grimsmomarka til skulen er planlagt med rute gjennom parken, og det er ikkje lagt planar for andre parkeringsplassar enn HC-parkering. Parken er sjølvsagt planlagt universelt utforma, med god tilkomst for alle. Det blir eit trygt område der du kan sleppe ungane fri, fritt for bilar og andre kjøretøy. – Det er nok asfalt i Surnadal som det er, vi skal by på noko anna her, smiler Okstad. Når blir parken klar for opning? – Det gjenstår mykje arbeid for å få alt på plass. Arbeidet kjem til å ta tid, men allereie i sommar vil folk sjå aktivitet i svartvassområdet. Vi gler oss til å vise surnadalingar og besøkande noko heilt nytt om ikkje altfor lenge, seier Okstad. Foto og ill.:. Avdeling for areal- og naturforvalting i Surnadal og Getty Images.