Aktivitetar i surnadal | Page 7

Foto : Visit Northwest / Lediard foto AS
SUP
På Bølandet i Bøfjorden har dei per dags dato to brett du kan leige .
Bretta er oppblåsbare , solide , og er lette å frakte med seg . Du vel sjølv om du vil leige nokre timar eller heile dagen . Dei har òg flytevestar til leige . For å reservere ta kontakt på telefon 452 47 761 eller på Facebook . Betaling via Vipps . Sjå òg gruppa deira på Facebook for meir informasjon , « SUP utleie – Bøfjorden ».
Kajakk
Hos Opp & Ut på besøksgarden Oppistua Torvik i Torvika har dei to doble og ein enkel kajakk du kan leige . Det kostar 250 kr per dag og dei har redningsvestar tilgjengeleg . Du kan enkelt booke via eit skjema på nettsida deira , oppogout . com eller ta kontakt på telefon 480 21 184 eller e-post oppogut @ outlook . com .
Paintball
På Ranes , attom Ranes kyrkje , finn du paintball-banen . Banen er 200 m lang og 70 m brei med fleire skjulestader og to borger . De lyt vera minimum 8 stk . for å leige , men det er artigare desto fleire de er som kan spele mot kvarandre . De får leige banen og alt av utstyr inkl . overtrekksdress for kr 350 per person og får halde på så lenge de orkar . Banen opnar så fort snøen er vekk , som oftast seint i april / tidleg mai og er open til rundt oktober . For meir informasjon og bestilling ta kontakt på telefon 413 65 002 . Sjekk også videoen « KTS Paintball » på youtube . com for å sjå banen og kva det går ut på .
Beachvolley på Kalkstranda
Kombiner volleyball med grilling og ein frisk dukkert på Kaltstranda i sommar . På banen er det lagt splitter ny fallsand som er spesielt eigna for sandvolleyball og leik . NB ! Ball til å spele med må du ta med sjølv .
Hengekøyecamp
Ta med dykk hengekøya og finn ein plass i hengekøyecampen hos Opp & Ut i Torvika . Her er alt lagt til rette for at du kan henge opp køya di , og er du usikker på vêret , har dei plass til hengekøyer i båthuset . Campavgifta er på kr 150 per døgn for vaksne , barn under 12 år kr 70 per døgn og familie på fem kr 450 per døgn . Inkludert er tilgang på bad , bålpanner og anna uteareal på garden . For meir informasjon og booking sjå nettsida deira , oppogut . com eller ta kontakt på telefon 480 21 184 .
Småbåtar
Småøyan camping i Bøverfjorden leiger ut småbåtar med påhengsmotor . Det kan vere lurt å bestille først , anten på telefon 414 78 032 eller e-post : smaaoyan @ gmail . com . Dei har redningsvestar tilgjengeleg . Dei har 2-3 båtar i to ulike storleikar , med dagsleige på kr 300 og kr 500 + bensin . Hos Opp & Ut på besøksgarden Oppistua Torvik leiger dei ut båt med fiskeutstyr . Dei har ein båt med og ein utan motor , og redningsvestar tilgjengeleg . Det kostar kr 500 for ein dag . Du bookar via eit skjema på nettsida , oppogut . com eller du kan ta kontakt på telefon 480 21 184 .