Foto : Jan Terje Moen
Diskgolf
Diskgolf er litt som å gå ein tur medan du finn på noko attåt , og passar til heile familien . Det einaste du treng er ein disk å spele med , og det får du kjøpt i sportsbutikkane i bygda og kostar frå kr 150 og oppover . Lastar du ned appen , uDisc , finn du kart over alle tilgjengelege banar i nærleiken av deg .
I Surnadal finn du to diskgolfparkar , dei er begge gratis og du treng ikkje å booke på førehand .
Øye diskgolfpark ligg rundt skuleområdet og idrettshallen på Øye . Her har dei ein 18-holsbane og ein litt mindre bane med 9 hol tilpassa nybyrjarar og barn . Du finn meir informasjon om banane på Facebook-sida til Surnadal IL diskgolf . Om du har spørsmål , ta kontakt på telefon 412 67 728 , eller e-post : post @ surnadalfribeeklubb . no
Sagdammen diskgolfpark finn du på nordsida i Øvre Surnadal , omtrent ein km nordom Mo kyrkje . Banen ligg opp mot skogen og litt for seg sjølv . Banen er ein 18-holsbane og startar frå parkeringa . Han passar for både dei litt meir vante og nybyrjarane . Banen er såpass ny at du ikkje finn han i appen , uDisc , enno . Men du finn meir informasjon på nettsida , sagdammen . no eller du kan ta kontakt på telefon 971 98 730 .
Foto : Marit Mo
Foto : Marit Mo Foto : Nina Torvik