Aktivitetar i surnadal | Page 6

Aktiv sommar i Surnadal

Aktiv sommar i Surnadal

El-syklar
I Todalen finn du 5 el-syklar og ei sykkelvogn med plass til to ungar tilgjengeleg for leige . Syklane er tilgjengelege så fort det er sykkelføre og så lenge nokon vil sykle . Dagsleiga er på kr 200 for ein sykkel , men leiger du fleire enn to syklar får du familierabatt og betaler berre kr 400 .
Sjå meir på todalen . no .
Klatring og buldring
Trollheimen klatresenter har ope kvar dag , heile året . Her finn du fleire bulder , og om du har brattkort er det moglegheit for klatring med tau . Passar for heile familien . Her er det berre å stikke innom .
Sjølvbetent og ope kl . 6-23 . Du betalar via Vipps og betalingsinformasjon finn du på staden . Sko og klatresele kan du leige der . Meir informasjon finn du på nettsida deira : trollheimenklatresenter . no
Foto : Eline Karlsdatter Fladseth / visitnorthwest . no
Friluftsutstyr til utlån
Hos Surnadal frivilligsentral har dei friluftsutstyr , som blant anna hengekøyer , soveposar , telt og tursekker som du kan låne frå utstyrssentralen deira – heilt gratis !
Fram til fellesferien har dei ope frå kl . 15-18 kvar torsdag , da er det berre å stikke innom . Det er ikkje mogleg å reservere på førehand . Sjå nettsida for meir informasjon : surnadal . frivilligsentral . no .