VISJON: Slik ser dei danske arkitektane i FELT for seg terrassering i hagen til Svendsengarden. Arbeidet med hagen vert første steget i
sentrumsutviklinga av Ørsta etter Europan-konkurransen.
STYRET: Mellestiftelsen Svendsengarden eig i dag den ærverdige
Svendsengarden. I styret sit Elling Dybdal, Trude Flø Johnsen, Eli
Kjøde, Knut Arne Aambø og Rolf Vatten. Anne Mari Øyehaug frå
Ørsta sogelag er og med på biletet. ARKROMMET: Mellestiftelsen har von om at restaureringa av
arkrommet i 2. etasje skal stå ferdig til markeringa av 150-årsju-
bileet i august.
ENDRING: Slik såg Svendsengarden ut i 1983. Mykje har skjedd i
og rundt hovudhuset sidan den gong. RESTAURERING: Mykje vedlikehaldsarbeid har blitt gjort i Svend-
sengarden etter at Mellestiftelsen tok over garden. Her frå 1983
då taket vart reparert.
perla i Ørsta sentrum
krommet. Dette arbeidet er no
kome i gang.
Mykje historie
Arkrommet har mykje historie
i seg, og då Ørsta vart skild ut
som eiga kommune i 1883
samla kommunestyret og for-
mannskapet seg i arkrommet.
Svendsengarden har spelt ei
viktig i rolle i utforminga og
historia til Ørsta som tettstad.
No står Ørsta framfor ein ny
milepåle i utviklinga av Ørsta
sentrum, og på ny vil Svend-
sengarden spele ei viktig rolle.
•
Vi er svært
takksame og vel-
dig glade for for-
nyingsarbeidet
som no vert gjort
som skal gjerast.
Det vil skje veldig
mykje i Svend-
sengarden i jubi-
leumsåret
Styreleiar Elling Dybdal
– Gjennom Europan er det
store planar om utvikling av
Røed-tomta og lage til skikke-
leg busshaldeplass, og då vil vi
få ordne opp eit område som
har sett litt pjuskete ut. Dette
arbeidet er bra for heile Svend-
sengarden, seier Dybdal.
Det aller første som skal gje-
rast og som skal markere star-
ten
på
den
nye
sentrumsutviklinga er å fornye
hagen i Svendsengarden.
– Vi er svært takksame og
veldig glade for fornyingsarbei-
det som no vert gjort og som
skal gjerast. Planane er gjen-
nomførbare. Vi vil få nye gang-
vegar inn mot tunet, skikkeleg
fortau og det vil i det heile skje
veldig mykje i Svendsengarden
gjennom jubileumsåret.
Svendsengarden har vore eit
knyte- og samlingspunkt gjen-
nom historia til Ørsta, og vil
halde fram med å halde på
desse funksjonane med utvi-
klingsplanane som ligg føre.
Vedlikehaldsarbeidet som har
blitt utført, og som skal ut-
førast, er ikkje billeg, men Mel-
lestiftelsen Svendsengarden
har von om mange har lyst til å
stille opp for perla i Ørsta sen-
trum.
– Alt arbeidet som vert gjort i
Svendsengarden er ikkje mog-
leg å utføre på dugnad, og det
må hentast inn profesjonell ar-
beidskraft. Det kostar pengar,
og det er mogleg at vi må ut på
bygda og "tigge" litt pengar for
å få utført desse samfunnsnyt-
tige gjeremåla.
JOACHIM KROKEN ÅSEBØ
[email protected]