Svendsengarden vert vurdert til å vere eit kulturminne av regional verdi, og i år er det jubileumsår for tradisjonsrike hovudhuset midt i Ørsta sentrum. |
Opphavleg var namnet på Svendsengarden Vik, men garden endra namn då kveghandlaren Webjørn Svendsen Raunsgard frå Hallingdal kjøpte den i 1805. Familien som slo seg ned i Ørsta var haugianarar, og var aktivt med i ulike former for næringsliv, både lokalt og i andre deler av landet. Svendsengarden, slik vi kjenner bygningane i dag, stod ferdig i 1867. |
– Dette var det første huset i sveitserstil på Sunnmøre og vart levert av trelastfirmaet Thams i Orkanger, delvis prefabrikkert. Huset er eit prakteksemplar frå denne stilepoken, heiter i det i Møre og Romsdal sin kulturminneatlas.
Restaurering Svendsengarden har ei rik historie. Arvingane gav i 1983 garden til Mellestiftelsen Svendsengarden, og mykje har skjedd sidan den gongen. Til ulike tider har det vore post- og
|
dampskipsekspedisjon, bank og hotell på garden. I dag er det Fru Svendsen og kafedrifta som skapar liv og varme i den ærverdige garden.
– Hovudhuset vart sett i stand på 90-talet og tidleg på 2000-talet, og sidan den gong har det meste handla om utvendig vedlikehaldsarbeid. Dei tre siste åra har det blitt lagt ned eit stort arbeid utvendig, og i år har vi teke hovudfasaden, seier styreleiar Elling Dybdal i Mellestiftelsen Svendsengarden.
|
I mai 2003 vart den første høgda i Svendsengarden ferdig restaurert, og kafeen " Fru Svendsen " kom i drift. Etter at dette arbeidet vart ferdigstilt har mykje av vedlikehaldsarbeidet i bygga vore gjort utvendig, men i samband med jubileet i år har stiftinga von om å få ferdigstilt litt av restaureringsarbeidet i 2. etasje.
– Vi har tenkt å ha ei markering av 150 årsjubileet i august, og målet vårt er å få setje i stand eitt av romma i 2. etasje. Og valet vi har landa på er ar-
|