MØRE-NYTT TORSDAG 29. JUNI 2017 19
«Jag är Supermann» - litterær konsert på festspela
Festspeldiktaren Lars Mæhle sin
heimstad har gitt inspirasjon til
eit musikalsk og litterært kvar-
dagsdrama, som du kan oppleve
i Aasen-tunet fredag 30. juni un-
der Dei nynorske festspela.
Novellesamlinga «Jag är Super-
mann» av festspeldiktar Lars
Mæhle kom ut tidlegare i år. I
tittelnovella har Bjørn og Eskil
fått nyss i at det er komen ei
svensk jente til staden. Ei svensk
jente! Dei greier å leite henne
opp, og alle tre dreg ned til elva
for å bade. Men ingenting går
som dei har tenkt, og det går
opp for Bjørn kor lite han eigent-
leg kan vite om menneska kring
seg.
Handlinga i novellene i «Jag är
Supermann» er lagt til Sunndal,
heimplassen til Mæhle. Det
same gjeld «Korea. Noveller om
kjærleik», Mæhle si første bok
for vaksne som kom ut i 2011.
Det passa han godt å ty til dette
stoffet då han i fjor blei utfordra
til å skrive eit teaterstykke knytt
til Sunndal. Framsyninga er ho-
vudsakleg basert på tittelnovel-
lene frå dei to bøkene og blei til i
samarbeid med Teatret Vårt og
dei fire Møremusikarane i Fjord
og Fjell, som laga musikken.
I Aasen-tunet fredag 30. juni
får publikum ein litterær kon-
sertversjon av stykket. Lars
Mæhle les sjølv frå dei to novel-
lesamlingane.
FESTSPELDIKTAR: Lars Mæhle.
Frå Midtausten til Aasen-tunet
Hanna Relling Berg held
stemnetalen under årets
Aasen-stemne søndag 2.
juli. Øystein Hovland viser
fram ein heilt spesiell
lokal kulturarv, og jazz-
tubaist Daniel Herskedal
med band avsluttar Dei
nynorske festspela 2017
med Tabu og tuba.
S
temnetalar Hanna
Relling Berg er re-
daktør i Sunn-
mørsposten. Ho
har sett sitt preg
på Sunnmørspos-
ten gjennom fleire tiår, og blei
i 2007 den første kvinnelege
sjefsredaktøren i avisa. Som
redaktør har ho vist seg som
kunnig og uredd, og ho har
vore med på å gjere Sunn-
mørsposten til ei avis som har
nasjonalt og internasjonalt
utsyn, men òg godt fotfeste i
sunnmørsregionen. Relling
Berg er nestleiar i Norsk Re-
daktørforening og styremed-
lem i Norsk Presseforbund.
Tabu og tuba er eit samarbeids-
prosjekt mellom Aasen-tunet
og jazztubaist Daniel Herske-
dal. Han har nyleg kome med
plata The Roc, inspirert av
musikalske tradisjonar han er
blitt kjend med på reiser i Pa-
lestina, Syria og Libanon. Her-
skedal har med seg eit lite
band, og musikken blir fram-
ført attåt opplesing av sensu-
rerte tekstar frå Midtausten.
Det blir ei festspelavslutning
både til avveksling og etter-
tanke.
Jazztubaisten Daniel Herskedal
utmerker seg på den euro-
peiske jazzscena med sitt var-
me, melodiske og kraftfulle
tubaspel. Adjektiv som «mira-
kuløst» og «magisk» sit laust,
og på konsertane sine gir han
publikum heilt nye idear om
kva lyd som faktisk kan bu i
ein tuba.
Med seg på scena har han Eyolf
Dale på piano og Kenneth
Ekornes på trommer.
AASEN-STEMNET: Daniel Herskedal tek med seg tubaen i Aasen-tunet.
Ivar Aasen, fortel Hovland.
Morfar hans, Peder P. I. Vatne,
kunne ein del slike songar frå
Vatne i Åmdalen, der han vaks
opp.
– Han var ikkje kjøkemeister,
men hadde lett for å lære me-
lodiar. Før han døydde, gav
han dei vidare til meg, seier
Hovland.
FORTEL FRÅ ÅMDALEN: Øystein
Hovland
Under Aasen-stemnet viser Øy-
stein Hovland fram ein heilt
spesiell lokal musikkarv.
STEMNETALAR: Hanna Relling Berg, redaktør i Sunnmørsposten.
– I gammal bryllaupstradisjon
hadde kjøkemeistrane ved
bryllaupsfestar eit repertoar
av tradisjonelle songar som
dei nytta. Her som elles i lan-
det brukte dei ofte tekstar av
I Uteamfiet framfører han to tra-
disjonelle
bryllaupssongar
med tekstar av Aasen.
– Desse songane er noko som er
mitt eige, som høyrer heime
her. Eg meiner det speglar ein
av Aasens grunnleggande ver-
diar: At din eigen arv er god
nok, peikar han på.