18 TORSDAG 29. JUNI 2017 MØRE-NYTT
Førpremiere på « Kimen » i Propellhallen
Laurdag 1. juli blir det førpremiere på utdrag frå ein opera bygd på Vesaas-romanen Kimen i Propellhallen i Volda.
Komponist Magnar Åm held på å skrive operaen Kimen, basert på romanen av Tarjei Vesaas med same namn frå 1940. Operaen er først klar til framføring neste år, men Festspela byd på ein konsertversjon med nokre av satsane og ariane.
Tidlegare har Åm skrive Vesaas-operaen Is-slottet. Det gav meirsmak, fortel han.
– I språket til Vesaas ligg det så mykje usagt mellom linjene. Det kler godt min måte å skrive musikk på, musikken kan seie mykje av det Vesaas teier om.
Kimen er ein kammeropera, skriven for eit lite ensemble. Med i Propellhallen i Volda er musikarar frå Telemark Kammerorkester – som har bestilt musikken – under leiing av
Lars-Erik ter Jung, og dei er supplerte med lokale musikarar. Songsolistar blir Åse Malene Lauvsnes Oddekalv, Ingeborg Fangel Mo og Hjalmar Eiksund. Dramaturg Oda Radoor er librettist.
– Propellhallen gir ein katedralsk klang, seier Åm.
I PROPELLHALLEN: Magnar Åm.
Målbar på folkehøgskulen
Kvar kveld under Dei nynorske festspela er det Målbar på Møre folkehøgskule i Ørsta. I år blir det både frodige døme frå fleire humorsjangrar og musikalske tolkingar av både Vassendgutane og Britney Spears. Hallgrim Berg og Microbandet er blant dei som vitjar Målbar. Og også gjestene får sin eigen kveld.
Dale held opningstalen
Statsråd Jon Georg Dale opnar Dei nynorske festspela i år.
– Han er ein tydeleg nynorskbrukar i regjeringa Solberg og eit av dei største partia i landet. Difor passa det godt å invitere han, og vi trong ikkje akkurat å overtale han, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. Festspela opnar torsdag 29. juni i Ørsta.
Frå første dag som mat- og landbruksminister sette Dale ein språkleg standard for bruk av nynorsk i departementet. Nettopp Mat- og landbruksdepartementet har over tid vore blant dei betre i bruk av nynorsk, seier Øvereng. Han veit det har gjort inntrykk på mange at Dale har vore så tydeleg i si sak.
Dei nynorske festspela er 25 år i år, og blant dei mange opningstalarane er Jon Georg Dale den sjuande statsråden som har fått denne æra.
Med ny bok
Ein av godbitane i årets festspelprogram blir servert laurdag 1. juli på Ørsta folkebibliotek. Då får publikum høyre Maria Parr lese frå den nye boka hennar, « Keeperen og havet », som kjem ut på seinsommaren.
Det er ei storhending som mange har sett fram til. Sjølv ville forfattaren bruke den tida ho trong for å bli klar til å skrive meir frå universet ho skapte i debutboka « Vaffelhjarte ».
I UTEAMFIET: Daniel Kvammen er hovudnamnet på scena laurdag kveld i Uteamfiet.
Bjella og Kvammen med kvar sin kveld
Hallingdølen Daniel Kvammen slo gjennom med eit brak for to år sidan. Laurdag 1. juli står han på scena i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet.
For to år sidan kunne ein knapt skru på radioen utan å høyre singelen « Du fortenar ein som meg ». I år kom Daniel Kvammen med sitt andre album, Vektlaus, ei samling fengande popsongar med tekstar om kjærleik og det å miste nokon. Kvammen syng på Geilo-dialekt og vart i byrjinga samanlikna med andre visekunstnarar frå Hallingdal, spesielt Stein Torleif Bjella frå Ål. Raskt viste Kvammen at han har sitt eige uttrykk og er meir poprockar enn visesongar.
Dialektbruken hans er medviten nok til at han opererer under namnet Yung Språkteigen på Twitter. Å synge på norsk er noko som utvikla seg over tid, ifølge han sjølv.
– Eg er glad for å vere med i ei rørsle som fremjar dialektar. Eg er blitt meir medviten om at eg speler ei rolle i språkdebatten når songane mine blir lagde merke til, sa han til Dagsavisen då han gav ut dei første singlane sine.
Vektlaus er inspirert av dansemusikk frå 1980- og 90-talet med vekt på spenninga mellom melankoli og energi og har fått strålande kritikkar. Dermed ligg alt til rette for ei stor musikalsk oppleving i Uteamfiet denne laurdagen.
– Vi håper på eit fullsett amfi med folk i alle aldrar, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan, og legg til at det er eigne prisar for studentar og ungdom denne kvelden.
Bjella Ein annan hallingdøl, Stein Torleif Bjella, held utekonsert under Dei nynorske festspela torsdag 29. juni. I Uteamfiet i Aasen-tunet gir han festspelpublikummet si heilt spesielle blanding av komikk og tragedie, framført på rotekte hallingdialekt.
Visesongar og songdiktar Stein Torleif Bjella har alt laga fire album. Det har vist seg at nasjonen har eit stort, umetta behov for god-melankolske songar om vanlege folk som strir med vanlege problem og ikkje har så lett for å snakke om dei.
Bjella er frå Ål i Hallingdal og tok meldarane med storm alt med det første albumet med køntri-inspirert viserock på dialekt. Han fekk Edvardprisen for tekstane på det førre albumet, Heim for å døy, og i 2015 blei han jamvel heidra med « Pris for god offentleg målbruk » av Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Bjella meiner sjølv at nynorsken er ideell for hallingar, for då kan dei skrive som dei snakkar.