Ørsta-avis 2017 Ørstaavisa 2017 | Page 16

16 TORSDAG 29. JUNI 2017 MØRE-NYTT • • Rekkedal Gjestehus i samarbeid med Desderi Travel Club Formidlar reiseeventyr Å reise med elvebåt på den portugisiske elva Doro, eller med tog i det skotske høglandet. Eller på Gøta Kanal med Lars Klevstrand som syng Tau- be-viser. Det er nokre av dei turane Rek- kedal gjestehus no formidlar i samarbeid med Desderi Travel Club i Italia. – Dette er ikkje noko vi har forteneste på, men ei gjenyting overfor for våre norske venner Trond og Roald i Italia, og ein ekstra sørvis overfor kundane våre her på Rekkedal gjeste- hus, fortel Margrethe og Bjarne Rekkedal, drivarar av Rekkedal Gjestehus. Dei har i ti år samarbeidd tett med Trond Malmer og Roald Notø som driv vinfarmen Des- deri i Piemonte i Italia. Der kjøper dei vin, dit reiser dei på druehausting, og dit har dei sendt kundar av gjestehuset. Eigentleg er det ei historie som skriv seg 43 år tilbake. – Vi var på bryllaupsreise i Tunisia. Der møtte vi Trond. Vi miste kontakten, men så sat eg for ti år sidan hos ein frisør, og bladde i eit blad. Der var det reportasje om Trond og Roald som hadde satsa på ein vinfarm i Italia. Dette passa med vårt konsept då vi ynskte å ha direk- teimport av vin, og vi tok kon- takt. Trond hugsa oss umiddelbart, fortel Margrethe. Sidan har dei hatt tett kon- takt. Når Trond og Roald no meiner vinfarmen er på rett spor, og ikkje er så avhengige av at dei er til stades heile tida, har dei skipa Desderi Travel Club som arrangerer særmerk- te reiser, spesielt i Europa. – Alle reisemåla er stader dei sjølve kjenner til, og der dei er gaidar. Det treng ikkje vere dyre reiser heller. Alle turane som vert arrangerte, er etter eit konsept der folk skal kjenne roa, der vi får møte lokal kultur og mat, og der reisedeltakarane skal verte kjende med kvaran- dre, fortel Margrethe og Bjarne. Sjølv var dei med på turen på Gøta Kanal, og synest oppleg- get er fascinerande. – Vi formidlar kontakt med GOD VÅR: Margrethe og Bjarne Rekkedal har opplevd ein god vår på Rekkedal Gjestehus. Trond og Roald. Viss folk ven- der seg til oss, kan vi sende dei vidare med epostadresser og liknande, fortel Bjarne. Han og Margrethe har hatt eit godt fyrste halvår å sjå tilbake på. – Vi merkar no at aktivitets- reiser slått til for fullt. Vi har framleis mange næringslivs- og familiearrangement. Men det nye er ymse grupper som kjem til området for å oppleve natur og kultur i ein fellesskap. Det er P P U K R É ONT M Tilbudene gjelder i kampanjeperioden eller så langt beholdningen rekker. Vi tar forbehold om trykkfeil. Bildene kan fravike fra produktene. Vareutvalget kan variere noe i de ulike byggevarehusene. En del av produkt