Ørsta-avis 2017 Ørstaavisa 2017 | Page 15

MØRE-NYTT TORSDAG 29. JUNI 2017 15
VILT: Ville hjortar på inngjerda område i flotte omgjevnadar.
KALV: Her kan du sjå Bambi og ein hjort i lett jogg. Mora til Bambi kan ein sjå er litt rundare om buken, fordi den er med kalv.
TRIVST: Jan Eldar Hovdenakk trivst godt med hjorteoppdretten. – Det er eit harmonisk yrke.
BEDRIFTA: Her står dei midt inne på marka, saman med kronhjorten og resten av hjortane som er komne ned att frå skogen for dagen. Frå venstre: Per Andreas Hovdenakk, Jan Eldar Hovdenakk og Hans Nicolai Hovdenakk.

Utviklar hjortefarmen

Familiebedrifta på Hovdenakken satsar åleine innan hjorteoppdrett. Dei starta i 2015, og snart har dei eige gardsslakteri.

Livet som hjorteoppdrettar består av ein harmoni mellom oss og dyra. Me knyter tette band og har stor respekt, seier Jan Eldar Hovdenakk.

– Når det gjeld drifta, passar ordtaket « Ting tek tid », svært godt. Men alt går etter planen. Me er etter to år framleis i oppbyggingsfasa, fordi dette er noko som krev lang oppbygging over tid. Me satsar på å vere i full produksjon i 2020, og starte eige slakteri i løpet av 2018, fortel Jan Eldar Hovdenakk, far i huset. Med
sine to søner ved si side, har alle beina godt planta i jorda der dei står fram på Hovdenakken.
– Me må byggje opp talet på hjortar over tid. Då me starta hadde me fem hokalvar, sju ungkoller, to vaksne koller og to bukkar, som me kjøpte av etablerte oppdrettarar i Noreg. No har me cirka 40 hjortar til saman.
I starten måtte dei byrje på å setje opp dei 5000 meterane med gjerde som skulle opp. Dei har enno 500 meter att.
– Det er ingen andre enn oss som driv med hjorteoppdrett i Møre og Romsdal fylke, men
elles i landet er det ikkje uvanleg. Alle me tre karane har jobb ved sida av, seier Jan Eldar.
Søkjer om løyve I desse dagar har Hovdenakk Hjort inne søknad om å få byggje slakteri på garden. Det blir i so fall eit nybygg på 3 etasjar på 120 kvadratmeter kvar. Planen er å ha både slakterom, kjølerom, fryseri og vakuumpakking.

Eit slakteri vil kunne gi oss ein komplett produksjon, frå fødsel til forbrukar
Jan Eldar Hovdenakk
Dersom kommunen tillèt det, hiv Jan Eldar og gjengen seg rundt og startar bygginga umiddelbart, i håp om å bli ferdig til slaktesesongen 2018.
– Eit slakteri vil kunne gi ein komplett produksjon, frå fødsel til forbrukar. Viss andre vil starte opp, kan me gå saman om vårt slakteri, som vil gjere oppstarten deira enklare. Dessutan kjem me til å både slakte for oss, og for jegerar dersom det blir ønskeleg.
Skulle dei hatt slakteri ein annan stad, ville hjorten nemleg fått store mengder adrenalin i musklane, som vil gi kjøtet dårleg kvalitet.
Kvalitet, reinhald og leveranse Dårleg kvalitet er ikkje noko som passar seg framme på Hovdenakken.
– All drift me har er under jamleg oppsyn av Mattilsynet, og me er opptekne av å levere eit godt produkt, både
indrefilet og ytrefilet.
Sønene Hans Nicolai( 24) og Per Andreas( 23) konstaterer at folk vil gjerne ha hjortekjøtet heilt klart til å hive i panna, eit ønskje dei innfrir.
Vill og respektert Hjorten på Hovdenakken lever bak gjerdet, men plassen å boltre seg på er enorm, både i skog og mark.
– Hjorten her går heilt fritt, og me brukar inga innsprøyting på han. For å drive med eit slikt yrke, krev det respekt for at du driv med ville dyr. Me har eit nært forhold mellom menneske og dyr. Hjorten vår har akkurat same vekstsyklus som villhjort, og dyra her har godt beite og friskt vatn. Hjortar er stilfulle dyr, og dei er ei glede å drive med.
ÅSMUND BRUNSTAD ØYEHAUG asmund @ morenytt. no