SLIT: Det har vorte mange turar i kupert terreng med bildekk på
slep for Linda og Miranda.
NANSEN-RUTA: Turdeltakarane skal følgje Nansen-ruta, over det
sørlege Grønland.
TUNGE LYFT: Når Miranda og Linda skal drage pulkar på langt over femti kilo kvar, er det naudsynt med styrketrening.
vi skal berre på ein tur
Linda.
Grønlandsisen ligg på om
lag to tusen høgdemeter, og
for å kome opp på sjølve pla-
tået, vert det nokre dagar med
bratt terreng. Det vert kanskje
turen si hardaste utfordring
reint fysisk. Brefall og isblok-
ker må forserast. Likevel, det
kan verte krevjande oppe på
isen også. Vêret er ustabilt, og
kan skifte raskt. Det kan vere
tretti minusgrader, det kan
vere kraftig vind.
– Vi kan t.d. kome ut for
white-out, altså null sikt grun-
na snøstrom. Vi har prøvd å
bu oss på dei forskjellige situa-
sjonane, både fysisk og men-
talt, fortel dei to damene.
Planen er å bruke 25 dagar
på isen, og der etter tre dagar
Austmannadalen, der Nansen
slo teltleir etter sin tur.
– Vi kunne ha valt å leige
helikopter, og verte flogne ut
etter å ha kryssa isen. Men vi
meiner det å avslutte turen
med tre dagar i Austmannada-
len, der vi skal røykje ishavs-
røyr, og ete han med mykje
meierismør, salt og pepar, vil
vere ei perfekt avslutning, sei-
er Miranda.
Skiturar over Grønland har
etter kvart vorte kommersiali-
sert. Det vert lagt opp til turar
saman med gaid og fleire an-
dre turdeltakarar, viss det er
ynske om det. Dei fire venne-
ne har valt å gå utan gaid.
Vidare må alle som ynskjer
å krysse isen gjennom ei god-
kjenning. Styresmaktene på
Grønland er nøye på kven
som får lov til å gå, og at alle
moglege forsikringar og papir
må vere i orden.
Og reise, forsikringar, utstyr
og proviant, alt kostar mykje
pengar. Difor er Linda og Mi-
randa på jakt etter sponsorar
som kan medverke til finansi-
eringa av turen.
Sjølv om Linda og Miranda
ikkje vil kalle det ein ekspedi-
sjon, vedgår dei at det kan
verte eit fantastisk eventyr.
– Vi er budde på at ting kan
skje undervegs, og at nokon
får vanskar. Samstundes vil
det vere noko heilt eige med å
logge heilt av, og berre vere
oss og naturen. Vi vil ha satel-
littelefon, der vi kan ha ei viss
kontakt med omverda, og
hente vêrmeldingar, fortel
Linda og Miranda.
RUNE SÆBØNES
[email protected]