Ørsta-avis 2017 Ørstaavisa 2017 | Page 10

10 TORSDAG 29. JUNI 2017 MØRE-NYTT
SNART REISEKLARE: Miranda Myrseth Tryggeseth og Linda Eirin Eiken gler seg til avreise i august. Fram til då kan folk lese om førebuingane på bloggen deira: http:// nansenruta2017. blogspot. no /? m = 1

– Ingen ekspedisjon, v

– Nei, dette er ingen ekspedisjon. Vi skal på ein tur vi, seier Linda Eirin Eiken og Miranda Myrseth Tryggeseth.

Saman med Therese Moe Øye og Martin Rosengreen er dei i full gang med å bu seg og trene seg opp til det store eventyret: den 22. august reiser dei til Grønland, og planlegg å gå 500 km over isen, frå aust mot vest.

Møre-Nytt var med Linda og Miranda på ein kort treningstur. Når desse to trenar, er det med turen i mente. Opp gjennom
bratte lier mot Hustadnestua ved Sæbø går dei to med kvart sitt bildekk på slep. Det skal ikkje vere enkelt, men så er det heller ingen enkel tur dei skal på.
– For meg har dette vore ein draum i ti år. Eg har vore oppteken av litteratur frå polarområda, og leste tidleg om Nansen og Amundsen. No når turen snart vert verkeleg, byrjar eg å kjenne på spenninga, fortel Miranda.
– Eg har vel prøvd å liggje på eit snitt på ti timar i veka med å gå med bildekk. Stundom kan det vert sjeldnare, og nokre gonger oftare, fortel Linda.
Turdeltakarane har førebudd seg godt lenge. Det har vorte mykje trening, både lokalt, og i meir ekstreme miljø, som på Svalbard. I tillegg må turen planleggjast på detaljnivå. Utstyr, proviant og anna logistikk må vere på plass.
– Å gå over isen vil krevje
mykje energi, og kroppen vil forbrenne mange tusen kaloriar per dag. Difor må dei ha med seg mykje næringsrik mat, samstundes som han ikkje skal vege for mykje eller ta for mykje plass.
Utstyret, som ski og pulk, og ikkje minst klede, må ha høg kvalitet.
– Vi er tilrådde å starte med pulkar som ikkje skal vege meir enn 55 kilo. Det er vanskeleg å kome ned på, fortel