Vårsøghelga
Dagleg leiar i Vårsøghelga , Anders Larsen , med eit måleri av Jon Arne Mogstad i bakgrunnen .
Anders Larsen og Laget Vårsøg er klare for ny Vårsøghelg
Helga 27 . -30 . mai 2021 brakar det nok ein gong laus for Vårsøghelga . Denne gongen med kjente namn som Anita Skorgan , Sara Skorgan Teigen , Henning Sommerro , Nils Arne Eggen , Ola By Rise , PolkaBjørn & KleineHeine , Marit Løfaldli , Erling W . Aasgård , Oddbjørn Sponås , Hedda H . Berg , Tiger Garte og kulturskulen mfl .
Etter at Vårsåghelga dessverre måtte avlyse arrangementet i fjor , gler dagleg leiar i Vårsøghelga , Anders Larsen , seg spesielt mykje til gjennomføringa i år . Anders er fødd og oppvaksen i Surnadal , han flytta herifrå i 1997 , men har beheldt kontakten med heimbygda . Han og familien har feriehus i Surnadal og trivst godt her . Han er fiolinist både i Trondheim Symfoniorkester og TrondheimSolistene , og no altså dagleg leiar i Vårsøghelga .
Anders kjenner festivalen godt frå artistsida , i og med at han sjølv har delteke fleire gonger . Han har trivest godt i sitt vikariat som dagleg leiar , og håpar at situasjonen i mai gjer det mogleg å få vist fram eit program Vårsøghelga er stolte av .
Anders er tydeleg på at dette gjer han ikkje aleine . Henning Sommerro gjer ein kjempejobb som kunstnerisk leiar , i tillegg til eit særs kreativt og bra styre som han har med seg , for ikkje å gløyme alle dei frivillige som stiller opp . Vårsøghelga er ein stor dugnad med bl . a gode samarbeidspartnerar i det lokale næringslivet , Surnadal kommune , Møre og Romsdal fylkeskommune og Norsk kulturråd .
Vi er godt kjende for å halde eit høgt nivå på kvalitet og er no godt kjend for dei fleste , også utanfor landsdelen vår .
Laget Vårsøg har i år planlagt ut i frå eit covid 19-scenario . Sidan reglane og situasjonen forandrar seg heile tida , veit vi rett og slett ikkje enda kor mange som får koma inn på dei ulike arrangementa . Vi håpar at dei neste månadene spelar på lag med oss . Vi arbeider alt vi kan for å få gjennomført ei trygg og god Vårsøghelg 2021 , avslutter ein fornøgd Anders Larsen .
I 2021 har Vårsøghelga svært mange godbitar å by på , for program og anna informasjon kan du sjå på nettsida , varsoghelga . no eller « Vårsøghelga » på Facebook og Instagram
SURNADAL VÅR 2021 14