Surnadal Vårmagasin 2022 Mai 2022 | Page 9

Hei , Margrethe . Kva er det som opptek deg for tida ? Eg såg du var i Oslo med arrangementet « Bli med heim » rett før påske , kan du ikkje fortelje litt meir om det arrangementet og korleis det gjekk ?
– Ja , her inviterer næringslivet i Møre og Romsdal alle interesserte til å få møte moglege , framtidige arbeidsgjevarar og knytte kontakt med aktuelle bedrifter . Det var over 700 påmeldte som kom for å besøkje messa . I tillegg rekna vi med at eit par hundre til dukka opp utan å ha meldt seg på . Det var tett med folk og høg aktivitet i det store lokalet . Det er vanskeleg å måle konkrete resultat etter slike arrangement , men målet er å så nokre frø hos alle som legg merke til at vi er der . Det kan vere at nokon kjem for å leite etter ein konkret jobb , men det kan også vere at nokon ser at vi er der berre gjennom media og med det blir nysgjerrige på kva vi har å by på . Sjølv har eg vorte kontakta av utflytta surnadalingar som var på messa , men også etterpå av nokon som gjerne skulle ha vore der og ikkje fekk til å komme . Eg trur slike arrangement kan vere med på å skape eit positivt omdømme av kommunen og regionen , og så er det viktig at vi følgjer opp alle saman i det daglege med å framsnakke alt det gode vi har å by på .
Næringslivet treng meir arbeidskraft i åra som kjem , korleis kan vi freiste ungdommane til å flytte heimatt etter studia , trur du ?
– Det viktigaste grunnlaget trur eg blir lagt i oppveksten ved at ungdommane blir både stolte av og glade i heimplassen sin , og slik får lyst til å flytte heim . Det å ha gode skular , barnehagar og eit stort spekter av fritidsaktivitetar , er også viktig . Samtidig må dei få vite om alle dei spennande jobbmoglegheitene som finst i det svært varierte næringslivet vårt og i dei gode offentlege tenestene vi har . Eg blir stadig overraska og imponert over dei kompetansemiljøa vi har i Surnadal , med alt i frå landbruk til plastrøyrproduksjon . Det å bu lokalt og jobbe sentralt er verdifullt og gjer at fleire kan flytte nærare familie eller få nyte fjell og sjø i kvardagen .
Det har vore nokre spesielle år , og spesielt ungdommane har hatt det tøft . Korleis opplever du at ungdommane i Surnadal har hatt det under pandemien ?
–« Vi er heldige som bur i Surnadal », svara ein representant frå ungdomsrådet til media på det same spørsmålet . Likevel får du aldri att sommaren du fylte 15 år . Eg har sjølv hatt ungdommar i hus under pandemien , og det går nok godt med dei og dei fleste andre , men likevel har dei opplevd ei belastning med mykje mindre sosial omgang i ei tid der også sosiale media konkurrerer om ungdommane si fritid .
No ser det i det minste ut til å bli ei ganske normal russefeiring for dei fleste , og du har vore på russerevy . Kan du ikkje dele litt derifrå ?
– Eg skulle gjerne sett den ein gong til ! Det er utruleg imponerande å sjå det dei har fått til ved sida av skule og andre aktivitetar . Eg er litt over gjennomsnittet glad i dans , så mange dansenummer var midt på blink ! Men gleda , talenta og samhaldet alle viser både på og bakom scena , er det som gjer at både humor og alvor treff oss i salen . Som eg sa til dei i helsinga mi på premieren ; de har opna litt av hjarta dykkar i kveld og vi har teke i mot i våre hjarte .
Smittetal og vaksiner kom fort i skuggen , da Russland gjekk inn i Ukraina . No er det nok krigen som opptek dei fleste – korleis påverkar det oss her ?
– Surnadal har sagt ja til å ta i mot flyktningar frå krigen i Ukraina , og vi vil stille opp med det vi kan og må . Eg er sikker på at vi vil klare det på ein god måte , ikkje minst på grunn av alle frivillige , lag og organisasjonar som står klare til å bidra . Så er det slik at denne situasjonen endrar seg dagleg , og vi kan ikkje gjere anna enn å vere klar for å ta i mot på kort varsel . Krigen er så meiningslaus og forferdeleg at det er vanskeleg å ta innover seg at dette skjer i Europa i 2022 . Vi står framom mange store utfordringar i verda i dag , samstundes må vi spesielt for barna og ungdommen si skuld også kunne gle oss over alt vi har som er bra og sjå moglegheitene vi har til å forme framtida .
I år er det « Frivilligheitas år », skal det markerast på noko vis ?
– Frivilligheita er sjølve grunnsteinen i samfunnet vårt . Kommunane og organisasjonane i Møre og Romsdal skal markere frivilligheita med ei festveke i veke 23 , som er tidleg i juni . Målet med dette året er å få enda fleire til å engasjere seg i frivillig arbeid . Her vil eg oppfordre absolutt alle til å tenkje på om det kan vere ein organisasjon du vil støtte . Det kan hende nokon går og ber på ein ide til noko nytt som kan settast i gang , som vi ikkje har frå før ? Det er mykje god folkehelse i frivillig engasjement , og arbeidet som blir gjort for å inkludere både unge og eldre i ulike aktivitetar er utruleg viktig for oss alle .
Kulturlivet vaknar endeleg til liv att og det ser ut til å bli fullt av gode kulturtilbod å velja mellom i tida framover . Eg reknar med at du har kalenderen full allereie , er det noko spesielt du gler deg til ?
– Kalenderen er sprekkeferdig og det eg gler meg mest til no er Vårsøghelga ! Her skal Henning feirast som ung 70-åring og vi kan igjen fylle Storstua og tuene på Kleiva med artistar og publikum . Eg ser også fram til å sjå Billag Festival i full breidde i sommar . Her trur eg det vil skje mykje spennande framover ! Så har vi både Laksedagar og Stangvikfestival å sjå fram til , det blir ikkje tamt !
No går det mot vår og sommar . Har du nokre gode sommartips til lesarane våre ?
– Akkurat no har vi fått smake litt på sommarvêret med sol og varme . Det gjer godt for kropp og sjel , men vi skriv april og da er vel regelen at før det blir skikkeleg sommar , så skal vi vel oppleve eit par snøelingar til . Sjølv liker eg meg godt heime med korte turar i fjella og ned til fjorden i Svinvika eller Kalkstranda , som er ei strand i verdsklasse ! Da ungane var små , så fann vi fine badeplassar både i Vindøla og i Søyaelva . Eg var forresten på Blånebba for første gong i fjor , det er ein tur eg har lyst til å gjere opp att og kan anbefale . Fantastisk flott utsikt og variert natur på turen opp .
Tusen takk for praten , Margrethe , og god sommar når den tid kjem !
SURNADAL VÅR 2022 9