Ryfylkeguiden 2014 | Page 30

Flørli kraftstasjon og båthamn - Foto: Hanne Sundbø 12 FLØRLI KRAFTSTASJON www.visitlysefjorden.no I 1999 opna den nye kraftstasjonen på Flørli, langt inne i fjellet. Den gamle kraftstasjonen i karakteristisk jugendstil og trappene langs røyrgata til toppen av fjellet, ligg no opne for nye aktivitetar. Fleire vandreløyper vil ta deg rundt på området. Prøv deg på styrkeprøven og klatre 4444 trappetrinn til topps langs den gamle røyrgata. Her kan du gå vidare til Kjerag eller Blåfjellenden (dagsMarsj). Du kan også vandra i den gamle krafthallbygninga som viser både kunst- og historisk utstilling, eller nyte eit måltid i kafeen. Betjent overnattingstilbod i sesongen. Tilboda i krafthallen er berre tilgjengeleg i sesongen. Ny småbåthamn. 10 SJØHUS I BERGEVIK (RYFYLKEMUSEET) Tel: 51 70 00 00 www.ryfylkemuseet.no Sjøhuset i Bergevik er frå midt på 1800-talet. Bygget finn du i Bergevik 1 km frå Forsand kai. Omvising etter avtale, kontakt kulturkontoret. Lysefjorden sett frå Bakken - Foto: Hanne Sundbø www.ryfylke.com 30