Ryfylkeguiden 2014 | Page 29

Preikestolen - Foto: Corrado Filipponidia Basehopparar hiv seg utfor Kjerag Foto Birgit S. Hagalid Preikestolen sett frå Lysefjorden - Foto: Hanne Sundbø ATTRAKSJONAR I FORSAND 4 LYSEBOTN www.lysefjordeninfo.no Inst i Lysefjorden ligg bygda Lysebotn. Det går buss frå Stavanger/ Sandnes til Lysebotn. Utgangspunkt for turar på fjorden og i fjellet. Spennande veg ned til Lysebotn med 27 hårnålssvingar. Sommaropen veg (Statens vegvesen, tel. 175). 1 LYSEFJORDEN www.lysefjordeninfo.no Den 40 km lange fjorden med dei fascinerande fjella blei forma i istida. Prøv den store utfordringa “Lysefjorden rundt”, og opplev den fantastiske utsikta over fjorden. Lysefjorden kan opplevast anten i eigen båt eller på ferje, hurtigbåt eller sightseeingbåt (frå Lysefjordsenteret, Oanes dagleg i sesongen). Mange av desse populære turane legg til på små plassar langs fjorden og ein får mellom anna sjå fjord og fjell, steinkobber og geiter. 29 www.ryfylke.com