Nr. 12 / 4 - 2022 YCC-Posten | Page 50

Hovudkonkurrenten i cruiser-segmentet var sjølvsagt Harley-Davidson og for å konkurrere mot dei måtte ein lage store cruisere som kunne appellere til det amerikanske publikum, med ein klar amerikansk design og utsjånad.

I 1995 blei difor Star Motorcycles stifta, i California. Denne uavhengige fabrikken skulle selje syklane gjennom Yamaha sine utsalg. Star skulle konsentrere seg om cruisere og ha sin eigen logo på. 

Historien om stjernen

Det fungerte etter åsikta og begrensa klart importen av store japanske motorsyklar som cruisere. Eit av resultat av denne tolla var at Yamaha grunnla Yamaha Motor Manufacturing Corporation i USA, for å omgå noko av tolla sidan denne gjaldt ferdig monterte motorsyklar, men ikkje motorsykkeldelar. Ein omgjekk tolla om ein importerte syklane som store lego-sett for så å skru dei saman i USA, men dette var likevel ein mindre effektiv og dyrare prosess enn å produsere i Japan (den tolla er og årsaka til at Honda sin VF Interceptor er 750 ccm i Europa og 699 ccm i USA). Tollsatsen var likevel midlertidig og blei fjerna i 1988. Etterspurnaden etter cruisere vaks voldsomt fram mot 90-talet og den amerikanske marknaden var sjølvsagt veldig viktig for Yamaha. 

Honda VF700F Interceptor. Her vist som "amerikansk" 1984 modell. 700 ccm på amerikanske marked og 750 ellers i verden.

Den nye logoen måtte ha appell, akkurat som resten av motorsykkelen.