Nr. 12 / 4 - 2022 YCC-Posten | Page 49

Historien om stjernen

Yamaha XV 750 Virago 1981, Legg merke til

kardangdrift. Vedlikeholdsvennlig og

driftssikker løsning.

I 1981 produserte Yamaha sin første cruiser, XV Virago 750-en, sjølvsagt med V-twin motor. Dette var heilt "i tida" og japanske motorsyklar hadde allereie ein solid del av marknaden i USA på 70-talet. Faktisk, altfor stor meinte nokre, deriblant Harley-Davidson som sleit i konkurransen mot japanske motorsyklar. 

Harley-Davidson hadde stor interesse av å leggje kjepper i hjula for japanarane. Kort fortalt overtalte så Harley-Davidson dåverande president, Ronald Reagen, at Harley-Davidson var å rekne amerikansk kulturhistorie. For å beskytte denne amerikanske kulturhistoria innførte difor Reagen i 1983 ein 45% toll på all import av japanske motorsyklar som var over 700 ccm, altså akkurat i det motorsegmentet som Harley-Davidson ønska å ha i fred.

Ronald Reagen. USAs president fra 1981 til 1989. En viktig årsak til etableringen av Star.