Kranteknikk 03 2023 | Page 5

PRESSEMELDING

Ny veiledning om løfteinnretninger i havbruksnæringen

Rettleiing om regelverket som gjeld løfteinnretningar på skip i havbruksnæringa .
Føremålet med denne saka er å gi rettleiing om krav som gjeld løfteinnretningar som er installerte på skip som blant anna blir brukte til laste- og losseoperasjonar innan havbruk . På bakgrunn av eit samarbeid mellom Arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet blei det 29 . juni 2000 publisert ei fråsegn som gav havbruksnæringa rettleiing i det mest relevante regelverket frå desse etatane som angår røkting av fisk i havbruksanlegg . I åra som har gått sidan dette dokumentet blei skrive , har bruken av skip i havbruksnæringa endra seg mykje . Tidlegare blei transport til og frå anlegga gjort ved hjelp av små , enkle båtar . I dag er det vanlegare å bruke større og meir teknisk avanserte skip til å utføre dei mange oppgåvene knytte til drift av havbruksanlegg . Samanlikna med det som var vanleg for meir enn tjue år sidan , brukar næringa no altså større og meir teknologisk avanserte sjøgåande fartøy med et operasjonsmønster som må karakteriserast som sjøfart . Innhaldet i fråsegna frå 2000 er difor noko utdatert .
Kranteknikk 3 2023 • 5