kjem reisande med bil og tek nokre dagars ferie i
fjellheimen. Området har mange moglegheiter til
dagsturar i fjellet og utflukter langs elva for fiske og
bading.
Sportsbutikken på garden sørgjer også for mykje
besøk. Butikkdrifta starta som smått på 90-talet,
og i 2010 flytta butikken inn i eit låvebygg som
vart flytta til Kårvatn frå Oppdal. Dei to bedriftene
Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn Handelskompani driv med sal både frå butikken og
engrosverksemd med distribusjon til inn- og utland.
Dei har fått eit godt renomme for sterk kompetanse, og mange kjem frå både Molde og Trondheim for å handle.
– Vi skal vere gode på det vi held på med, og det
meiner eg vi har fått til, seier Gudmund. Han fortel
at mange turistar blir overraska over å sjå sportsbutikken på garden, som har vorte ein attraksjon i
seg sjølv.
– Ein velassortert butikk langt frå allfarveg er uvanleg. Men eg er patriot, så eg meiner jo sjølvsagt at
vi er midt i smørauget, ler gardbrukar, gründer og
kulturberar Gudmund.
UTPÅGANG / 2 / 2016
19