Framgang Nr. 2 2014 | Page 12

15 000 HØNER TO TØFFE KVINNER Anne Melkild, som da hadde kvar sine jobbar som grafikar og lærar, gått med tankar om at dei ønskte å starte opp noko eige i fleire år. Sjølv om dei budde nær kvarandre, vart dei ikkje kjent før dei fekk ungar på same alder, og det var under ein lengre lunsj at ideen om bedrifta kom til. - I løpet av den lunsjen var vi innom fleire idear, og fann ut at det måtte enten bli noko som småbarnsmødre kan kjøpe – sidan dei kjøper alt – eller noko vi kan ete sidan vi alle må ha mat, ler Anne. “ “ På kvar sin kant hadde Ingeborg Tafjord og - Vi visste nok ikkje heilt kva vi gjorde, medgir Ingeborg Tafjord og Anne Melkild i Tuppen og Lillemor AS. drift sidan dette krev så mykje uteareal, fortel Anne vidare. Draumen kunne ikkje bli realisert utan støtte, og Ingeborg og Anne skryt mykje av hjelpa dei fekk hos Sunndal Sparebank. Banksjef Jonny Engdahl var positiv frå dag ein, og var til og med ein pådrivar for å fortsette med planane på eit tidspunkt der Ingeborg og Anne sjølv var litt i tvil. - I tillegg har sjølvsagt karane våre hjelpt til mykje. Vi var nesten overraska av at dei sa ja da vi kom heim og sa at vi hadde tenkt å bygge hønsehus på 1200 m², smiler Anne. Til slutt landa dei på hønsedrift. Der meinte dei at dei hadde erfaring sidan dei hadde nokre høner heime på garden, og til å begynne med var planen å starte økologisk drift med 1000 høner. - Vi begynte å forhøre oss rundt, og det første vi fann ut var at det er ingen som har 1000 høner, for det kan ein jo ikkje gjere pengar på. Vi måtte også slå frå oss ideen om økologisk 12 Dei kasta seg ut i det og bygde sitt første hønsehus for fire år sidan. Sidan da har dei pakka mange millionar egg frå tusenvis av høner, og har vist at det går an å skape sin eigen suksess. For hønsehus vart det. I 2010 starta planlegginga og i desember 2011 var det endeleg klart for innflytting for 7500 høner i hus levert av Møre-Tre, men jobben var ikkje over med det. - Da hønene var på plass fann vi ut at dei verpar effektivt i om lag 75 veker før dei må skiftast ut dersom ein skal halde produktiviteten på eit lønnsamt nivå. Ved utskifting