Framgang Nr 1 2017 | Page 7

Det lokale næringslivet er svært positive til nettverksaktivitetar, da det gjev dei ein arena å møte framtidig arbeidskraft på, og ikkje minst ein måte å være synlege og bygge omdømme på lengre sikt. Sjølv om det først og fremst er langsiktig arbeid vi driv med, er det kjekt å sjå eksempel på at vi får rekruttert heim folk som følgje av konkrete arrangement. MØTEPLASSAR Nettverkstreff hos bedrifter har gjeve nærings- livet ein stad å bli kjent og treffast, og har ført til at bedrifter bruker kvarandre meir på tvers av fjorden. PROGRAMSTYRET - Medlemmar i programstyret pr. aug. 2017 Ståle Refstie (leiar) Sunndal kommune Lilly Gunn Nyheim (nestleiar) Surnadal kommune Lise Mari Brøske Surnadal kommune Tone Hustad Sunndal kommune Svein Erik Nilsen Næringslivet i Surnadal Lars Løseth Næringslivet i Surnadal Desse nettverkstreffa var spesielt viktige møte- plassar i starten av samarbeidet. Bedriftene ga tidleg tydeleg uttrykk for at dei hadde tru på og såg behov for eit slikt samarbeid. Utan brei og god støtte frå næringslivet hadde det ikkje vore muleg å gjennomføre næringssamarbeidet, og ikkje minst å oppnå så gode resultat. I mai 2016 arrangerte SuSu-programmet eit cru- ise på Todalsfjorden, med deltakarar frå politikk, næringsliv, fylke og kommune. Målet var å løfte engasjementet rundt Todalsfjord- prosjektet. Cruiset bidrog til å kople ulike aktør- ar og sette fart i prosessen. Todalsfjordprosjek- tet har no gått opp på førsteplass på prioritert liste for samferdsel i fylket. BEDRIFTSRETTA TILTAK I tillegg til dialog med bedrifter gjennom næringstreff, vart det tidleg oppretta ei tilsegns- ordning til bedriftsretta tiltak. Bedriftene som søkte om midlar blei vurdert blant anna etter vekstpotensial og sysselsettingseffekt. Ved ut- gangen av 2016 hadde 5,6 millionar kroner blitt fordelt på 51 prosjekt som til saman skal gi 132 nye lokale arbeidsplassar. Torstein Ottem Næringslivet i Sunndal Gøril Berntsen Næringslivet i Sunndal Observatørar: Knut Haugen Surnadal kommune Randi Dyrnes Sunndal kommune Eivind Ryste Møre og Romsdal fylkeskommune PROGRAMADMINISTRASJONEN Programadministrasjonen består av to utførande parter: Næring- og utviklingsavdelinga i Surnadal kommune under leiing av kommunalsjef Karin Halle, og Sunndal Næringssel- skap (SUNS) under leiing av dagleg leiar Per Helge Malvik. Foran f.v.: Karin Halle, leiar, Surnadal kommune, Anne Gulla Hagen, SUNS, Mette Sæter Ormset, SUNS, Ninni Innvik, SUNS Bak f.v.: Harald Bredesen, Surnadal kommune, Sigrun Rødset, Sunndal kommune og Per Helge Malvik, økonomiansvarleg, SUNS 7