Framgang Nr 1 2017 | Page 6

Fire år med FRAMGANG UTVIKLINGSPROGRAMMET FOR SUNNDAL OG SURNADAL (SuSu-programmet) arbeider for ein døgnopen region i vekst. Rekruttering, nettverk og bedriftsutvikling er sentrale aktivitetar i samarbeidet. Gjennom fire år har programmet sett i verk fleire gode tiltak og kan vise til gode resultat. SuSu-programmet er leia av eit breitt samansett styre der næringslivet i begge kommunane er representert. I tillegg har programmet ein admi- nistrasjon med personar frå begge kommunane. Programmet får positive tilbakemeldingar frå næringslivet om at dette er rett måte å jobbe på for å skape vekst og synergiar. REKRUTTERINGSTILTAK SuSu-programmet har brukt fleire verkemid- del for å treffe potensielle nye innbyggjarar. På nettsida sjekknordmore.no kan dei som er interessert blant anna finne nyheiter og ledige stillingar. I 2013 til 2016 blei det gjennomført Trondheimstreff – ein møteplass som samla nordmøringar og andre interesserte i Trond- heim. SuSu har i 2017 arrangert nettverkstreff i Oslo i forbindelse med Matstreif, og prøvar dermed ut andre møteplassar. Programmet har trua på at det gjev viktige og positive ringverknader å vere aktiv og synleg ute. Kontinuitet skapar tru på at tilboda er der når ein flyttar ein plass eller kjem heimatt. Ikkje minst er det viktig å orientere ungdommane våre om det næringslivet vi har. 6 «Fergec Todals ruiset på fj fart i b orden sette ruprosj ektet.» – Kari n Hall e