Framgang Nr. 1 2017 | Page 31

Med eit sponsor- og marknadsbudsjett på ca . 1 million kroner , er banken ein viktig bidragsytar til aktivitet og utvikling innan kultur , idrett og næring i lokalsamfunnet .
– Det er ein misjon for oss at bygda skal vere eit godt samfunn å leve i for dei som bur her , og det er også med på å gjere staden meir attraktiv for tilflyttarar , seier sals- og marknadssjef Liv Dalsegg .
– Å vere ein støttespelar lokalt er ein del av strategien vår , det vi brukar pengar på skal gagne lokalsamfunnet mest mogleg , seier avdelingsleiar for bedriftsmarknaden Ole Magnus Løwe .
I tillegg til sponsormidlar og gåver , er det viktig for Surnadal Sparebank å yte støtte til næringslivet gjennom lån og rådgiving for å utvikle bedriftsmarknaden .
– Utvikling i næringslivet er med på å skape eit sunt lokalsamfunn , så vi tek større risiko med lokalt næringsliv enn kva vi gjer utanfor bygda , fortel Liv .
Bankens eige arrangement Næringslivsdagen er også viktig for lokal næringsutvikling . Det årlege arrangementet trekkjer alltid fulle hus , og arrangørane har vore dyktige i å hente inn store namn som foredragshaldarar .
Tre dagar før Donald Trump vart innsett som president , stod ein av Noregs fremste russlandsekspertar , Hans-Wilhelm Steinfeld , på scena under årets næringslivsdag og snakka om det nye forholdet mellom USA og Russland . Kort sagt eit scoop for Surnadal Sparebank , som har hatt store stjerner på besøk under arrangementet gjennom mange år .
– Næringslivsdagen er eit viktig nettverkstreff for lokalt næringsliv , og vi veit at mange set pris på arrangementet . Vi får alltid mange deltakarar frå resten av regionen , ikkje minst frå Kristiansund . Vi oppfordrar folk som er i oppstartsfasen med nye bedrifter til å delta slik at dei kan knytte kontaktar med andre aktørar , fortel Ole Magnus .
I tillegg til Næringslivsdagen , arrangerer banken mellom anna landbrukskonferanse , sparebankveka og temakveldar for kundane sine . Under temakveldane får kundar gode råd frå spesielt inviterte ekspertar om pensjon , sparing , boligutleige og andre aktuelle tema .
Utanom eigne arrangement er Surnadal Sparebank svært synleg som sponsor og bidragsytar lokalt . Dei støttar eit stort utval av lag , foreiningar og arrangement , og opplever at dei er første stopp for mange som er på utkikk etter støtte til sine aktivitetar . Banken er også generalsponsor for Surnadal idrettslag , og Liv skryter av kor flinke idrettslaget og andre er til å profilere sponsorane sine .
– Vi veit at mykje frivillig aktivitet i Surnadal er avhengig av bidrag frå oss , og vi er stolte over å kunne vere med på å skape gode tilbod til lokalsamfunnet . Det er utruleg mange dyktige folk som gjer frivillig arbeid i bygda vår , slår Liv fast .
– Tekniske løysningar er viktige for oss som for andre bankar , og vi skal vere gode på det . Men det vi skal vere i særklasse på er personleg rådgiving og oppfølging , og det veit vi at vi vinn kundar på . Hos oss blir du møtt av vennlege tilsette , det luktar av kaffe når du kjem inn døra , og vi gir deg personleg rettleiing . Vi kan ikkje alltid seie ja , men om vi seier nei , så skal du få like god oppfølging og forstå kva svaret er basert på , fortel Gunnar .
Marit Bergan-Skar og Liv Dalsegg frå Surnadal Sparebank saman med Per Arne Westavik frå Gamle Kripos ved den nyoppussa klokka på Piren .
Han meiner Surnadal Sparebank si lokale forankring er viktig i Kristiansund også : – Vi blir vald og verdsett på grunn av det , og det set vi pris på , slår han fast .
Også i Kristiansund støttar banken mange ulike formål , mellom anna som ein av sponsorane til KBK , som hovudsponsor til Skjærvafest og bidragsytar til fleire andre lag og foreiningar . Banken ga også midlar til restaurering av den kjente klokka på Piren , eit av landemerka i nordmørsbyen .
– Vi er ein lokalbank også i Kristiansund , med tilboda og støtta som ein lokalbank kan yte , seier avdelingsbanksjefen .
UTPÅGANG / 1 / 2017 31