Framgang Nr. 1 2017 | Page 30

Ein viktig STØTTESPELAR I 175 ÅR

Tekst / foto: Jorid J. Aarvåg
Rolla som støttespelar for lokalsamfunnet har vore ein av Surnadal Sparebanks viktigaste verdiar gjennom bankens første 175 år.
Ole Magnus Løwe og Liv Dalsegg

LOKALBANK

OGSÅ I KRISTIANSUND

Surnadal Sparebank opna avdeling i Kristiansund i 2004. Den gongen var avdelingsbanksjef Gunnar Grimstad den einaste tilsette på kontoret, i dag har staben vakse seg til sju personar sterk. Kundemassen aukar, og Gunnar og teamet ser oppgang både i privat- og bedriftsmarknaden.
– Vi er i ei endringstid i Kristiansund. Danske Bank har avslutta verksemda si her, noko vi tykkjer er trist, sidan vi helst vil ha konkurranse og mangfald. Andre store aktørar går også mot stadig færre personlege tenester, seier Gunnar, og peikar på korleis Surnadal Sparebank skil seg ut i dette landskapet:
Gunnar Grimstad
30