Framgang Nr. 1 2017 | Page 31

Med eit sponsor- og marknadsbudsjett på ca. 1 million kroner, er banken ein viktig bidragsytar til aktivitet og utvikling innan kultur, idrett og næring i lokalsamfunnet.
– Det er ein misjon for oss at bygda skal vere eit godt samfunn å leve i for dei som bur her, og det er også med på å gjere staden meir attraktiv for tilflyttarar, seier sals- og marknadssjef Liv Dalsegg.
– Å vere ein støttespelar lokalt er ein del av strategien vår, det vi brukar pengar på skal gagne lokalsamfunnet mest mogleg, seier avdelingsleiar for bedriftsmarknaden Ole Magnus Løwe.
I tillegg til sponsormidlar og gåver, er det viktig for Surnadal Sparebank å yte støtte til næringslivet gjennom lån og rådgiving for å utvikle bedriftsmarknaden.
– Utvikling i næringslivet er med på å skape eit sunt lokalsamfunn, så vi tek større risiko med lokalt næringsliv enn kva vi gjer utanfor bygda, fortel Liv.
Bankens eige arrangement Næringslivsdagen er også viktig for lokal næringsutvikling. Det årlege arrangementet trekkjer alltid fulle hus, og arrangørane har vore dyktige i å hente inn store namn som foredragshaldarar.
Tre dagar før Donald Trump vart innsett som president, stod ein av Noregs fremste russlandsekspertar, Hans-Wilhelm Steinfeld, på scena under årets næringslivsdag og snakka om det nye forholdet mellom USA og Russland. Kort sagt eit scoop for Surnadal Sparebank, som har hatt store stjerner på besøk under arrangementet gjennom mange år.
– Næringslivsdagen er eit viktig nettverkstreff for lokalt næringsliv, og vi veit at mange set pris på arrangementet. Vi får alltid mange deltakarar frå resten av regionen, ikkje minst frå Kristiansund. Vi oppfordrar folk som er i oppstartsfasen med nye bedrifter til å delta slik at dei kan knytte kontaktar med andre aktørar, fortel Ole Magnus.
I tillegg til Næringslivsdagen, arrangerer banken mellom anna landbrukskonferanse, sparebankveka og temakveldar for kundane sine. Under temakveldane får kundar gode råd frå spesielt inviterte ekspertar om pensjon, sparing, boligutleige og andre aktuelle tema.
Utanom eigne arrangement er Surnadal Sparebank svært synleg som sponsor og bidragsytar lokalt. Dei støttar eit stort utval av lag, foreiningar og arrangement, og opplever at dei er første stopp for mange som er på utkikk etter støtte til sine aktivitetar. Banken er også generalsponsor for Surnadal idrettslag, og Liv skryter av kor flinke idrettslaget og andre er til å profilere sponsorane sine.
– Vi veit at mykje frivillig aktivitet i Surnadal er avhengig av bidrag frå oss, og vi er stolte over å kunne vere med på å skape gode tilbod til lokalsamfunnet. Det er utruleg mange dyktige folk som gjer frivillig arbeid i bygda vår, slår Liv fast.
– Tekniske løysningar er viktige for oss som for andre bankar, og vi skal vere gode på det. Men det vi skal vere i særklasse på er personleg rådgiving og oppfølging, og det veit vi at vi vinn kundar på. Hos oss blir du møtt av vennlege tilsette, det luktar av kaffe når du kjem inn døra, og vi gir deg personleg rettleiing. Vi kan ikkje alltid seie ja, men om vi seier nei, så skal du få like god oppfølging og forstå kva svaret er basert på, fortel Gunnar.
Marit Bergan-Skar og Liv Dalsegg frå Surnadal Sparebank saman med Per Arne Westavik frå Gamle Kripos ved den nyoppussa klokka på Piren.
Han meiner Surnadal Sparebank si lokale forankring er viktig i Kristiansund også: – Vi blir vald og verdsett på grunn av det, og det set vi pris på, slår han fast.
Også i Kristiansund støttar banken mange ulike formål, mellom anna som ein av sponsorane til KBK, som hovudsponsor til Skjærvafest og bidragsytar til fleire andre lag og foreiningar. Banken ga også midlar til restaurering av den kjente klokka på Piren, eit av landemerka i nordmørsbyen.
– Vi er ein lokalbank også i Kristiansund, med tilboda og støtta som ein lokalbank kan yte, seier avdelingsbanksjefen.
UTPÅGANG / 1 / 2017 31