Framgang Nr. 1 2017 | Page 26

LOKALMAT med stjernestatus

Med flatbrød så unikt at det har vorte heidra med Spesialitet-merket frå Matmerk , har Mosbøen Gård fått eit sterkt namn som matprodusent . Mosbøen-flatbrødet er i ferd med å bli kjent over heile landet som eit kvalitetsprodukt for gourmeten .
Tekst / foto : Jorid J . Aarvåg
Anders Øverås og Åse Torvik driv garden på Mosbøen i Øksendal , med kjøtt- og mjølkeproduksjon som hovudverksemd . For seks-sju år sidan begynte Åse å tenke på kva dei kunne komme på for å utvikle gardsdrifta med ekstra aktivitet på dagtid . Ho hadde allereie fatta stor interesse for baking , og selde litt bakst til venner og kjente i førjulstida .
Med eit ønske om å løfte tradisjonsmat til nye høgder , bestemte Åse og Anders seg for å satse på baksten i større skala , og frå 2011 begynte Åse å produsere flatbrød frå kjøkkenet heime . Oppskriftene var gamle oppskrifter frå garden , men med nye og spennande smakstilsettingar .
I 2012 hadde bakarverksemda vakse seg så stor at Åse begynte å bake på heiltid , og i dag er dei tre faste tilsette i firmaet . Anders er styreleiar , i tillegg til at han er sjef for gardsdrifta – det gir Åse tid og høve til å marknadsføre Mosbøen Gård sine produkt , i tillegg til å bake .
– Vi utfyller kvarandre og er saman om alt , seier paret , som utan tvil begge er viktige brikkar i suksessen til bakarbedrifta .
26
Frå Mosbøen Gård får du fleire ulike typar flatbrød , samt lefser . Heile produktutvalet er populært , men det er først og fremst flatbrødet dei har vorte landskjente for . Flatbrødet er tynt , sprøtt og finst i fleire ulike variantar smakssett med salt og urter . Smakane i utvalet er dill , karve , rosmarin og ramsløk , i tillegg til naturell-varianten .
– Vi veit at mange et flatbrødet vårt kvar dag , men vi marknadsfører det først og fremst som eit festflatbrød , noko du tar fram til eit litt spesielt måltid , seier Åse .
At det er mange matglade som har lagt sin elsk på Mosbøen-flatbrødet , er det lite tvil om . Åse og Anders får svært gode tilbakemeldingar på kor delikat det tynne flatbrødet er , og ikkje minst på dei gode smakane .
Dei to mest populære smakane er rosmarin og ramsløk , der den siste er den nyaste smakstilsetninga frå Mosbøen . Ramsløken er lokal – plukka i Tingvoll – og gir ein rund og god smak til flatbrødet .
Begge desse variantane har fått Spesialitet- merket frå Matmerk , eit stort heidersteikn blant norske matprodusentar .
Matmerk fortel at Spesialitet-produkta er basert på dei beste lokale råvarene , lokale oppskrifter og laga av lidenskapelege fagfolk . Det er med andre ord ikkje kven som helst som kan smykke seg med merket .
– For oss opnar Spesialitet-merket dører , det er ei merkevare som blir lagt merke til og som hjelper oss i innsalet av produktet vårt til butikkane , seier Åse . I februar fekk Mosbøen Gård ein avtale med Norgesgruppen , som gjer at Mosbøen-flatbrødet truleg blir tilgjengeleg i fleire butikkar landet over etter kvart .
I januar fekk Mosbøen Gård også vist seg fram til verdsmarknaden som ein av deltakarane på den store , internasjonale matmessa Grüne Woche i Berlin . Det var ei stor oppleving for Anders og Åse , som knytta nye kontaktar i løpet av arrangementet .
I dag er Mosbøen Gård representert i butikkhyller i heimkommunen og nabokommunane , Molde , Kristiansund , Trondheim , Oslo , Stavern og Skien – og fleire skal det bli :
– Vi har som mål å komme oss inn på