Ildri Sandbakken og Lena Flor Julusmoen bakar flatbrød i bakeriet i gamleskulen. marknaden i alle dei største byane, i alle fall, seier Åse og Anders.
I tillegg til nye smakar, har produkta utvikla seg det siste året med ny og lekker emballasje, designa av Eggedosis i Kristiansund. Ny heimeside er også på trappene, og lenger fram i horisonten planlegg Åse nytt bakeri heime på garden. I dag leiger firmaet skulekjøkkenet på gammalskulen i Øksendal, noko dei er svært godt fornøgde med, men med tida ønskjer dei å bygge nye lokale.
Anders og Åse fekk Spesialitet-merket frå Matmerk for ramsløkflatbrødet i mars. Her saman med Kristin Waagen frå Tingvollost.
Foto: Privat
– Det står på lista, men først skal vi bygge nytt fjøs for kjøttproduksjonen, seier paret, som ikkje er redde for å investere i utvikling.
For bakarverksemda er planen å gjere unna eit heilt år med drift på nivået som er i dag, før dei ser på vidare utvikling. Åse drøymer om å kunne ha ein liten kafe saman med bakeriet ein gong i framtida, for å fremje produkta og lokaltradisjonane i enda større grad.
– Vi brukar gamle oppskrifter frå garden og lokale ingrediensar, både tradisjon og kvalitet er viktig. Vi skal ikkje bli størst, men det overordna målet er at vi skal ha Noregs beste flatbrød, seier Anders og Åse. Med eit namn som begynner å bli kjent også utanfor landets grenser, er Mosbøen Gård godt i gang med å nå målet.
UTPÅGANG / 1 / 2017 27