LOKALMAT med stjernestatus
Med flatbrød så unikt at det har vorte heidra med Spesialitet-merket frå Matmerk, har Mosbøen Gård fått eit sterkt namn som matprodusent. Mosbøen-flatbrødet er i ferd med å bli kjent over heile landet som eit kvalitetsprodukt for gourmeten.
Tekst / foto: Jorid J. Aarvåg
Anders Øverås og Åse Torvik driv garden på Mosbøen i Øksendal, med kjøtt- og mjølkeproduksjon som hovudverksemd. For seks-sju år sidan begynte Åse å tenke på kva dei kunne komme på for å utvikle gardsdrifta med ekstra aktivitet på dagtid. Ho hadde allereie fatta stor interesse for baking, og selde litt bakst til venner og kjente i førjulstida.
Med eit ønske om å løfte tradisjonsmat til nye høgder, bestemte Åse og Anders seg for å satse på baksten i større skala, og frå 2011 begynte Åse å produsere flatbrød frå kjøkkenet heime. Oppskriftene var gamle oppskrifter frå garden, men med nye og spennande smakstilsettingar.
I 2012 hadde bakarverksemda vakse seg så stor at Åse begynte å bake på heiltid, og i dag er dei tre faste tilsette i firmaet. Anders er styreleiar, i tillegg til at han er sjef for gardsdrifta – det gir Åse tid og høve til å marknadsføre Mosbøen Gård sine produkt, i tillegg til å bake.
– Vi utfyller kvarandre og er saman om alt, seier paret, som utan tvil begge er viktige brikkar i suksessen til bakarbedrifta.
26
Frå Mosbøen Gård får du fleire ulike typar flatbrød, samt lefser. Heile produktutvalet er populært, men det er først og fremst flatbrødet dei har vorte landskjente for. Flatbrødet er tynt, sprøtt og finst i fleire ulike variantar smakssett med salt og urter. Smakane i utvalet er dill, karve, rosmarin og ramsløk, i tillegg til naturell-varianten.
– Vi veit at mange et flatbrødet vårt kvar dag, men vi marknadsfører det først og fremst som eit festflatbrød, noko du tar fram til eit litt spesielt måltid, seier Åse.
At det er mange matglade som har lagt sin elsk på Mosbøen-flatbrødet, er det lite tvil om. Åse og Anders får svært gode tilbakemeldingar på kor delikat det tynne flatbrødet er, og ikkje minst på dei gode smakane.
Dei to mest populære smakane er rosmarin og ramsløk, der den siste er den nyaste smakstilsetninga frå Mosbøen. Ramsløken er lokal – plukka i Tingvoll – og gir ein rund og god smak til flatbrødet.
Begge desse variantane har fått Spesialitet- merket frå Matmerk, eit stort heidersteikn blant norske matprodusentar.
Matmerk fortel at Spesialitet-produkta er basert på dei beste lokale råvarene, lokale oppskrifter og laga av lidenskapelege fagfolk. Det er med andre ord ikkje kven som helst som kan smykke seg med merket.
– For oss opnar Spesialitet-merket dører, det er ei merkevare som blir lagt merke til og som hjelper oss i innsalet av produktet vårt til butikkane, seier Åse. I februar fekk Mosbøen Gård ein avtale med Norgesgruppen, som gjer at Mosbøen-flatbrødet truleg blir tilgjengeleg i fleire butikkar landet over etter kvart.
I januar fekk Mosbøen Gård også vist seg fram til verdsmarknaden som ein av deltakarane på den store, internasjonale matmessa Grüne Woche i Berlin. Det var ei stor oppleving for Anders og Åse, som knytta nye kontaktar i løpet av arrangementet.
I dag er Mosbøen Gård representert i butikkhyller i heimkommunen og nabokommunane, Molde, Kristiansund, Trondheim, Oslo, Stavern og Skien – og fleire skal det bli:
– Vi har som mål å komme oss inn på