Framgang Nr. 1 2016 | Page 7

oss enda meir avhengige av å sikre at lokal ungdom vel eit utdanningsløp som kan gi dei ein relevant jobb hos oss, seier Larsen. Pipelife har derfor starta eit prosjekt i samarbeid med fleire skular og andre bedrifter med mål om at elevar frå ungdomsskule og vidaregåande skule får sjå moglegheitene som finst i lokal industri og med det kan velje relevante utdanningar. – Fagarbeidarutdanningane har blødd i mange år, det er manko på kvalifiserte folk over heile landet og det er ein trend som har vart lenge. Vi må dreie fokuset til ungdommar, og foreldra deira, tidlegare slik at dei kan sjå at ei fagutdanning også vil gi interessant arbeid. Dette er til alles fordel, ikkje minst i dag når arbeidsløysa aukar, sidan fagutdanning kan gi fleire relevant jobb, seier Larsen engasjert. Med den nye produksjonslinja for store dimensjonar vil truleg Pipelife få behov for fleire tilsette, og Larsen er klar på at bedrifta har mykje å by på for ein jobbsøkar: – Her kan du få ein interessant jobb innan vareproduksjon, noko som er heilt avgjerande for samfunnsutviklinga. Vi kan ikkje utvikle oss berre basert på service og tenesteyting, slår Pipelife-direktøren fast. UTPÅGANG / 1 / 2016 7