Å VISE FRAM!
som skal til for å knyte saman vegane, seier Jon. Han tenkjer også at det kunne vore eit transporttilbod tilgjengeleg for å ta syklistane tilbake til Surnadal, slik at dei kan overnatte i bygda. Han meiner at eit slikt prosjekt ville vore eit flott turisttilbod, som ville gjort heimkommunen svært attraktiv i marknaden for aktivitetsturisme, eit stadig meir populært felt.
BJØRÅSKARET SOM DESTINASJON
Ein annan tanke Jon har hatt, er korleis Bjøråskaret kan nyttast som ein turistdestinasjon. Bjøråskaret er eit populært turmål også i dag, men Jon meiner at det er eit stort uutnytta potensial i turen for turistnæringa.
– Ein kan gå til toppen av Bjøråskaret frå Todalen, og så gå ned lia til Innerdalen, eller omvendt, slik at det blir ein rundtur. Rundturar er svært populære blant turistar, men det krev organisering dersom ein skal ta denne turen privat, med henting og bringing, seier Jon.
Han har derfor tenkt på korleis dette kunne vore jobba med som ein destinasjon og tilbydd som ein organisert og tilrettelagt rundtur.
– Det kunne gått bussar frå Skei til både Todalen og Innerdalen på laurdag og søndag, slik at turistane kan bli henta og bringa uansett kva veg dei ønskjer å gå ruta. For mange fjellturistar vil eit transporttilbod gjere turen mykje meir aktuell, da blir det eit tilrettelagt tilbod, der dei også kan møte likesinna. Det gjer det tryggare for mange. Kanskje kan det vere tilbod om å gå turen med ein turleiar også? foreslår Jon.
– Turistane kan til dømes overnatte i Surnadal frå fredag til laurdag, gå til Innerdalen og overnatte der, og så bli frakta til Surnadal igjen på søndag. Marknadsfør turen som « Noregs vakraste skar » og lag eit samarbeid mellom turistnæringa på begge sider av skaret, med Thon Hotel Surnadal, Kårvatn, Renndølsetra og Innerdalshytta. Dette er eit prosjekt som kan gagne alle aktørane, det handlar ikkje om å konkurrere med kvarandre. Vi må gjere meir ut av moglegheitene vi har her, meiner Jon.
– Dette må vere noko å ta tak i for SuSu! avsluttar nordmørspatrioten.
På tur på Indre Nordviksula.
– EIN FRAMIFRÅ IDE
Leiar for programadministrasjonen i SuSu, Karin Helen Halle, fortel at private aktørar starta eit prosjekt for å lage ein rundtur over Bjøråskaret med turleiar, overnatting, bevertning og transport for fleire år sidan. Prosjektet fekk tilskott frå SuSu i 2014, men det kom ikkje i mål.
– Dette er ein framifrå produktide, og vi skulle gjerne sett at han blir realisert, men ein er avhengig av private aktørar som vil drive dette på kommersiell basis, seier Karin.
– Vi i SuSu er einige med Jon i at vi har ein fantastisk natur rundt oss, som legg til rette for attraktive opplevingar, og vi har møtt Jon for å snakke om moglegheitene for sykkelløyper i nærområdet. Dette står i handlingsprogrammet vårt for dei neste åra, fortel Karin og fortset: – Kommunane og grunneigarane kan legge til rette for løypene, men drift, marknadsføring og den kommersielle delen må drivast av private.
Karin fortel vidare at det er fleire næringslivsaktørar som lagar spennande reiselivsprodukt i distriktet, både for aktivitetar, mat og overnatting, som nettverket Den Gode Maten og Thon Hotel Surnadal.
– Vi har stor tru på at indre Nordmøre kan utvikle seg til å bli eit attraktivt reisemål for mange fleire. Og den aller beste marknadsføringa vi kan få, er Jon Gausen og andre som han, som tek med seg gjestar hit og er entusiastiske ambassadørar for nærområdet vårt, avsluttar SuSu-leiaren.
Skann for digitalt innhald
31