Framgang 2, 2018 | Page 30

– VI HAR MYKJE Surnadalingen Jon Gausen bur i London, men hjartet bankar for Nordmøre. Han nyttar sjansen til å ta med seg besøkande til heim- kommunen og nærområdet så fort sjansen byr seg, og alle let seg imponere av naturen rundt oss. Tekst: Jorid J. Aarvåg Foto: Jon Gausen Jon Gausen er oppvaksen i Surnadal, men har budd utabygdes i mange år. Dei siste 28 åra har han, kona og dei to døtrene hatt tilhald i London, men jobben gir mange turar til heimlandet i løpet av året, og Jon tar ein tur til hytta på Nordvik så ofte han får høve til det. Han har hatt med seg kundar, kollegaer og venner til heimkommunen for å nytte seg av dei flotte tur- moglegheitene som finst, og felles for alle er at dei blir svært begeistra for naturen i området. – Eg er stolt av å vise fram lokalområdet, og vi har mykje å vise fram! slår Jon fast. Han er aktiv året rundt, med skiturar, fjellturar, sykling og jakt, over heile indre Nordmøre. SYKKELTRASEAR På sine mange utflukter har han gjort seg mange tankar om korleis potensialet i den lokale naturen kan utnyttast enda betre. Da han besøkte Trysil i fjor haust, vart han imponert av det store nettet av sykkelløyper som er laga i kommunen. Staden, som i hovudsak er kjent som ein skidestinasjon, har etablert seg som eit svært populært mål også utanfor skisesongen, med hordar av besøkande på to hjul. På Trysil har grunneigarar og næringslivet samarbeidd om å satse på sykkel- løypene, med bruk av offentlege tilskottsordningar. Jon meiner sykkelruter er eit prosjekt som er svært aktuelt også i Surnadal. – Kva med å lage sykkeltraseen «Fire fjordar»? foreslår han, og forklarer korleis han ser for seg ruter som tek syklistane på skogsvegar og stiar over fjella og langsmed fjordane slik at ein kan komme seg frå Stangvik til Bøfjorden på sykkel. Jon på molttur med faren Jan. 30 – Det er mange skogsvegar i liene allereie, og mange plassar er det ikkje så lange strekningar med stiar